Julestjerne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om planten. For lyspynten, sjå adventsstjerne. For stjerna i julesoga, sjå Betlehemsstjerna.
Julestjerne
Julestjerne
Julestjerne
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Vierordenen Malpighiales
Familie: Vortemjølkfamilien Euphorbiaceae
Understamme: Euphorbiinae
Slekt: Vortemjølkslekta Euphorbia
Underslekt: Chamaesyce
Seksjon: Poinsettia
Art: Julestjerne E. pulcherrima
Vitskapleg namn
Euphorbia pulcherrima

Julestjerne (Euphorbia pulcherrima) er ein plante som opphavleg kjem frå Mexico. I varme strok veks julestjerna utandørs og kan bli opptil 4-5 meter høg. I Noreg vert ho dyrka som potteplante. Naturleg er blada på toppen raude; men som kulturplante vert det dyrka fram både rosa, lilla, kvite og sjatterte julestjerner.

Dei eigentlege blomstrane er små og heiter chyatier.

I Noreg vert det årleg seld om lag 6 millionar julestjerner. Dei fleste vert kasta etter jul, men overlever ho vinteren, kan ein plante ho ut. Det vil då komme nye grøne blad over dei raude. Dersom ein tar planten inn om hausten, og sørgjer for at han då får minst 12 timar mørke kvar natt, kan han blomstre på nytt.

Det engelske namnet Poinsettia har planten fått etter botanikaren Joel Roberts Poinsett (d. 12. desember 1851). Han var USA sin ambassadør i Mexico då han oppdaga denne planten i 1820-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Julestjerne
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.