Julemat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dansk julemiddag
Foto: Malene Thyssen

Julemat er nemninga på maten ein et i jula. Mange tradisjonelle rettar blir servert berre i samband med denne høgtida.

Maten i juletida er prega av å vere søt, feit og rikesleg. I dei gamle dagane var dette eit overdådig avbrekk frå den magre kvardagskosten ein hadde om vinteren. Også i romslegare tider har julematen bore preg av luksus og fråtsing som skilde seg frå det daglege, til dømes ved at ein et meir enn ein klarer, eller ved at ein byr på store mengder sjokolade, nøtter eller eksotisk frukt.

Christmas Time av Sophie Gengembre Anderson viser ein kalkun før han er blitt julemiddag.

Julerettar[endre | endre wikiteksten]

Middagsrettar[endre | endre wikiteksten]

Vanlege julemiddagar i Noreg
Rett Kvar Et dette på julaftan¹
Ribbe Tradisjonell mat på Austlandet og i Midt-Noreg 56%
Pinnekjøt Tradisjonell mat på Vestlandet 31%
Kalkun Nyare juletradisjon, helst i byane 6%
Svinesteik eller svinekam Helst i byane 4%
Lutefisk Spreidd i Austlandet, innlandet og Nord-Noreg 2%
Torsk Tradisjonell mat på Sørlandet 1%
¹I følgje ei spørjeundersøking blant 1000 nordmenn gjort av Research International i 2003. Ei tilsvarande landsdekkjande undersøking i 2005 gav nøyaktig same resultat.

Tabellen til høgre viser dei vanlegaste julerettane i Noreg. Nokre hovudrettar blir berre etne ved juletider, eller er eit typisk middagsval julaftan. Ofte blir det servert fleire kjøtrettar, som medisterkaker, sylte og pølser, i tillegg til hovudretten. Også tilbehøyret er tradisjonsbunde og kan vera til dømes poteter, kålrabistappe, surkål, sennep og tyttebærsyltetøy.

Risgraut er òg ein juleprega hovudrett som ofte blir servert tidleg på dagen julaftan, eller ein annan dag i jula.

Riskrem med ein skjult mandel er ein typisk juledessert i heile Skandinavia. (Foto: Malene Thyssen)

Søtmat[endre | endre wikiteksten]

Julemiddagen blir gjerne følgd opp med ein søt dessert, til dømes riskrem, moltekrem eller sjokolademousse.

Ei tid etter middagen har ein ofte kaffi og kaker, både store kaker, som blautkake og delfiakake, og småkaker.

Matleikar[endre | endre wikiteksten]

Ein kan leggja mykje sjel i eit peparkakehus.

Nokre typar julemat kan ein leika med, til dømes ved å baka peparkaker i ulike fasongar, bygga peparkakehus eller bruka dei som juletrepynt. Mange familiar har tradisjon med å ha ein mandel i risgrauten eller riskremen som ein blir premiert for å finna, gjerne med ein marsipangris. I Storbritannia finst ein tilsvarande skikk med å gøyma ein penny i plumpuddingen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Julemat