Zwarte Piet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Zwarte Piet saman med Sinterklaas

Zwarte Piet («Svartepetter») er ifølgje folketradisjonar i Nederland og Flandern hjelparen til Sankt Nikolas i samband med feiringa av Sinterklaas, som føregår i Nederland den 5. desember og i Flandern den 6. Under feiringa kastar Zwarte Piet godteri og peparnøtter til «snille» barn.

I nokre versjonar blir det sagt at Sankt Nikolas sette fri ein ung slave ved namn Peter, og at han ville tena Sankt Nikolas frivillig i staden for å nyta fridomen einsam. Ifølgje meir moderne Sankt Nikolas-tilstellingar er Zwarte Piet ein tenar som er saman med Sankt Nikolas på ferie. Zwarte Piet blir i dag ofte framstilt som ein mørkhuda person med raude lepper, fargerike klede og hatt med fjør, ein tradisjon basert på ein illustrasjon i ei bok utgjeven i 1850.

Kontroversar[endre | endre wikiteksten]

Skikkelsen har vore omstridd sidan 1970-talet på grunn av konnotasjonar til udanna afrikanarar og implisitt rasisme. Også mørkhuda nederlendere meiner at dei har vore utsett for mobbing på grunn av Zwarte Piet.[1][2]

I nyare tid har tradisjonen mellom anna fått kritikk av SN-rådgjevaren Verene Shepherd. Dette gav eit delt svar i det nederlandske samfunnet - på den eine sida blei skikkelsen fordømt som eit rasistisk symbol, på den anndre blei han forsvart som ein nederlandsk tradisjon.[3][4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. NRC.nl: In 1987 legde Gerda het al uit aan Pino: Zwarte Piet is 'helemaal niet leuk', Besøkt 24. oktober 2013.
  2. EenVandaag opiniepanel: 'Heb je de pakjesboot gemist?', Besøkt 24. oktober 2013.
  3. Anna van den Breemer (4. juli 2014). «Shepherd: 'Het probleem is de relatie tussen Zwarte Piet en Sinterklaas'» (på nederlandsk). de Volkskrant. Henta 29. desember 2017. 
  4. ANP (1. november 2013). «VN-onderzoeker Shepherd niet bij intocht Sint» (på nederlandsk). de Volkskrant. Henta 29. desember 2017.