Julepynt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Diverse julepynt.
Foto: Nevit Dilmen
Stove med julepynt i Austerrike.
Foto: Dagmar Anders
Julepynta hus i New Orleans.
Foto: Infrogmation

Julepynt er kjøpte eller heimelaga ting av til dømes stoff, metall, plast eller ting frå naturen som blir brukt til å pynta og setta opp tablå med i heimar og på mange offentlege stader til jul. Pynten symboliserer at ein er inne i ei annleis tid, juletida.

Julepynt har ofte gilde fargar og er gjerne lysande eller glitrande. Han kan ha gamle motiv som har med heidensk julefeiring å gjera, eller ha nyare, kristen symbolikk, som i nokre høve er påverka av jødisk tradisjon. Elles er det vanleg å pynta med ting som ein meiner typisk høyrer jula til. Det blir brukt ei rekke ulike motiv til å pynta med, både figurar med eldgamle opphav, som julebukk, adventslysestake eller julekrybbe, og nye, som snømenn, mus eller bokstavar som formar juleord.

Medium[endre | endre wikiteksten]

Lys[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg julelys

Jula er kjend som ei lyshøgtid, og både elektriske og levande lys er mykje brukte i julepyntinga. Lys kan stå som symbol for Jesus, «verdas lys», eller ha den meir praktiske funksjonen å lysa opp i mørketida.

Frå gammalt av høyrde særskild fine, høge og klårtbrennande, heimelaga talglys og kyrkjelys av bivoks til juletida. På 1800-talet blei dei gamle lystypane gradvis erstatta av stearinlys. Det er framleis vanleg å pynta med raude eller dekorerte stearinlys til julemiddagen, og å brenna lilla adventslys eller kalenderlys i adventstida.[1]

Med utbreiinga av elektrisitet tok ein også i bruk elektrisk lys i pyntinga. Amerikanaren Edward H. Johnson, som arbeidde med glødelampeoppfinnaren Thomas Edison, skal ha vore den første som hengde elektriske lyspærer på eit juletre, i 1882. I løpet av 1900-talet blei elektriske julelys vanlege og blei også brukte utandørs, med lyspærer i tre og som leikne lys i ulike fargar og figurar, og blinking eller funkling er vanlege verkemiddel.

Som ei vidareføring av lysa bruker ein ei rekke materiale som kastar lyset vidare. Glas er eit tradisjonelt materiale for julekuler og andre oppheng. Metall og blank plast kan også nyttast. Glitter blir brukt som eit ytste lag for å få jula til å vera mest mogleg lysande.

Tekstil[endre | endre wikiteksten]

Tysk juleduk.

Mykje julepynt er laga av tekstil, av alt frå barn i barnehagealder til profesjonelle kunstnarar. Ein kan til dømes strikka eller hekla små figurar og symbol til å pynta med eller henga i juletreet. Det er vanleg å henga opp eller legga ut broderte dukar og andre klede med julemotiv, som klokkestrengar eller gardin.

Medan det er vanleg å stasa seg opp i finklede til julemiddagen, kan ein velja å bruka klede med julemotiv, som genserar eller slips, til «julekvardags».

Naturmateriale[endre | endre wikiteksten]

Det er vanleg å pynta med plantar som er grøne, har bær eller blomstrar til jul. Ein kan til dømes ha kransar eller oppsatsar med granbar, einer, kristtorn, misteltein eller tyttebærlyng. Konglar, nøtter, lav, strå og andre naturmateriale kan òg brukast til å laga julepynt. Frukt som appelsiner og eple er også til ei viss grad pynt; sjå òg Mat. I tillegg kan ein bruka bearbeida tre, som ein julekubbe, eller papir, til å laga julepynt.

Blomar som ein gjerne prøver å driva fram til jul er alpefiol, amaryllis, asalea, hyasint, julebegonia, julekaktus, julerose, julestjerne og juletulipan.[2]

Ei iaugefallande form for pynt er juletreet, eit nåletre pynta med lenker, lys og ting som heng frå eller sit på greinene. Då juletre vart innført på 1500-talet, pynta ein dei først med søtsaker. Seinare tok ein i bruk ulike gjenstandar med meir eller mindre kristen symbolikk knytt til seg.

Mat[endre | endre wikiteksten]

Maten ein et i løpet av jula er overdådig, både i innhald og utsjånad. Julematen er festmat som ein gjer seg flid med, og han blir dermed ein dekorasjon i seg sjølv. Nokre mattypar, som peparkakehus eller appelsiner med nellikspiker i, blir meir pynt enn mat. Andre kan vera modellar av julepynt, til dømes ei kake som liknar ein julekubbe eller julekaker forma som stjerner, hjarte eller juletre.

Motiv[endre | endre wikiteksten]

Som motiv for julepynten har ein gjerne skikkelsar og symbol ein forbind med jula. Det kan vera figurar frå juleevangeliet eller ei utvida julekrybbe, frå folkelege tradisjonar, som nissar og mus, eller figurar som har med vinter og snø å gjera, som snømenn eller isbjørnar. Det er vanleg med modellar av større julepynt, som juletre, og av julemat. Enklare former for pynt er hjarte, kuler, stjerner, snøpynt, lenker og girlander.

Julelandskap[endre | endre wikiteksten]

Julelandskap med snø.

Det er vanleg å setja opp ulike tablå i samband med jula, som ei julekrybbe eller eit snølandskap med nissar. Skikken starta truleg med illustrasjonar av juleevangeliet i kyrkja. Det blei også vanleg å gjenskapa forteljinga i heimar. I dag finn ein både religiøse og sekulære landskap fleire stader, der dei mest spektakulære ofte er sett opp i kjøpesenter. Ei særskild form for julelandskap er dekorerte pepperkakehus og figurar, som i nokre høve kan byggast opp til store byar.

Symbolikk[endre | endre wikiteksten]

Mykje av julepynten er blitt gjeven symbolsk tyding i både ny og gammal tid. [3][4]

Ei kristen tolking av julepynten kan til dømes seia at:

Skikk og bruk[endre | endre wikiteksten]

Juledekorert kjøpesenter i USA i midten av november.

Ein finn julepynt i heimar, kyrkjer, butikkar og på arbeidsplassar. Det ligg ofte prestisje i å ha den beste juledekorasjonen, og ein kan halda konkurransar innan til dømes eit nabolag eller ei handlegate.

Det finst uskrivne og til dels strenge reglar fort kva tid ein bør setja opp og ta ned julepynten. Å ha han for tidleg eller for lenge kan bli sett på som svært upassande. Ei typisk tid å henga opp første julepynten er ved byrjinga av adventstida eller 1. desember, men mange butikkar kan byrja pyntinga tidlegare, til dømes etter thanksgiving. Ein tek gjerne ned pynten like etter nyttår, trettandedag den 6. januar eller tjuandedag den 13. januar(som tidlegare var nyttårsdagen).

Då ein støypte eigne talglys, skulle dei største lysa setjast på spisebordet og brenna heile julekvelden, natta gjennom, til juledagen. Gjekk dei ut, var det teikn på død eller ulukke i det komande året. Det var òg vanleg å setja lys i vindauge for å visa vegen for gjestar og reisande. Det er i våre dagar vanleg å la elektriske julelys, som lysa i julestjerner, juletre eller sjuarma lysestakar, stå på natta gjennom[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 schulze.no: JULELYS
  2. Anitas julekos: «Juleblomster»
  3. Symbolikk - julen ved norsknettskole.no
  4. Juletradisjoner på human.no
  5. [http://www.katolsk.no/nyheter/2004/12/23-0002.htm katolsk.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Julepynt