Befana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Befanafigur og kkvinner utkledde som La Befana
Foto: Eleonora Gianinetto, 2012

La Befana (forvansking av latin epifania, 'tilsynekomet') er ein kvinneleg skikkelse i italiensk folklore som opptrer som gåveutdelar i samband med heilagetrekongarsdag (trettandedagen) etter jul og nyttår.

La Befana vitjar borna i Italia natt til 6. januar for å fylla strømpene deira. Har dei vore snille, får dei karamellar og sjokolade. Har dei vore slemme, finn dei kol eller ein koksbit i strømpa.Som ei god husmor feiar la Befana ofte golvet før ho dreg igjen. La Befana blir ofte skildra som ei gammal kone som rir på eit kosteskaft gjennom lufta.[1] Til skilnad frå ei heks er ho blid og smiler, og har med seg ein sekk fylt med søtsaker, gåver - og kol. Iblant er det søtsaker som berre ser ut som kol.[2]

Namnet «Befana» kjem frå den katolske kyrkjefesten epifania som blir feira på heilagtrekongersdag , men innhaldsmessig kan skikkelsen ha overlevd frå Romarriket, der Strenua eller Strenia var gudinne for nyttår, reinsing og velvere. Heilagdommen hennar låg på toppen av Via Sacra. 1. januar blei greiner frå Strenua-lunden borne i eit opptog.[3]

Soge[endre | endre wikiteksten]

«La Befana, ein skikk i januar i Roma», italiensk illustrasjon frå 1821 som viser barn og kvinner ved ei marknadsbu med Befana-figur.
Julenisse- og Befana-figur ved juleutstilling i Prato i Italia.
Foto: 2011

Ifølgje legenda skal dei tre vise menn som var undervegs med gåver til Jesusbarnet, ha banka på hos ei gammal kone for å spørja om vegen til Betlehem og få kvila litt. Ho gav dei drikke, og dei fortalde om ærendet sit, at dei var undervegs med gåver til ein konge som nettopp var fødd. Dei tilbaud ho å slå følgje, men ho sa at ho ikkje hadde tid, sidan ho hadde reint for mykje husarbeid ho skulle ha gjort. Vismennene drog sin veg, men medan ho feia golvet, ombestemte la Befana seg og vedtok at ho ville sjå denne nyfødde kongen likevel. Ho samla nokre søtsaker som gåve, og sprang etter vismennene, men dei var for lengst forsvunne. Ho følgde stjerna dei hadde utpeikt, og la igjen godteri der det budde barn, i von om å finna Jesusbarnet. Dette har ho halde fram med sidan. I ei moderne forvansking av historia har la Befana fått på seg heksehatt; men ho går med feiekost fordi ho er ei god casalinga (husmor), ikkje fordi ho er ei heks som flyg på kosteskaftet. For la Befana er kosten ei forbanning, sidan han stoppa henne frå å følgja med vismennene.[4]

I ein annan versjon er la Befana som ei vanleg kvinne med eit barn ho elska over alt på jorda. Barnet døydde, og ho blei frå seg av sorg. Då ho så høyrde nyhenda om Jesus, drog ho ut for å finna han, overtydd om at han var sonen hennar. Ho fann han til slutt og gav han presangar for å gjera han glad. Jesus blei lykkeleg og gav henne ein presang tilbake: Ho skulle blir mor til alle borna i Italia. Sidan har la Befana delt ut gåver av kjærleik til alle snille born i tida rundt epifania (6. januar).

Ei tredje historie knyter historia om la Befana til kong Herodes sin massakre av alle gutebarn i landet, fordi han hadde høyrt om at det var fødd ein ny konge. La Befana skal ha vore mor til eit av desse guttebarna som blei drepne av Herodes, og i frustrasjon og sorg drog ho på leting etter den tapte sonen sin i von om at han enno kunne vera i live. Under leitinga kom ho til Bethlehem og vitja Jesusbarnet i krybba. Jesusbarnet velsigna henne slik at ho ein dag i året skulle få vera mor til alle barn i verda. Dette er den 5. januar som er julaftan etter juliansk kalender.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Feiringa av la Befana kan ha opphav i gamle førkristne soger, tekne opp i og omdanna i den kristne tradisjonen. Opphavet til skikkelsen kjem truleg frå heidenske agrartradisjonar knytte til tida rundt det nye året. Den gamle kvinna representerer det gamle året som akkurat har gått, klar til å brennast for å stå opp igjen som eit nytt år. I mange europeiske land eksisterer tradisjonen med å brenna ei dokke som førestiller ei gammal kvinne ved byrjinga av det nye året.

Ein hypotese knyter la Befana med ein romersk fest som fann stad på byrjinga av det nye året til ære for guden Janus og gudinna Strenia (strenna er julegåve på italiensk). Dette er den tida på året då romarane pleidde å gje kvarandre presangar.

Dikt og vers[endre | endre wikiteksten]

Piazza Navona i Roma blir det kvart år halde ein populær marknad – Fiera della Befana[5] – frå midten av desember fram til byrjinga av januar. Her kan romerske born kjøpa leiker og sukkertøy, men i 2019 blei denne marknaden stengt av romersk politi på grunn av manglande branntryggleik.[6]

Festen til ære for la Befana i Roma er udøydeleggjort gjennom fleire vers på romersk dialekt av den romerske diktaren Giuseppe Gioacchino Belli (1791-1863).[7]

Her er ein versjon:

La Befana vien di notte
con le scarpe tutte rotte,
col vestito alla romana.
Viva, viva La Befana!

I norsk omsetjing:

La Befana kjem om natta
med heilt øydelagde skor,
kledd på romersk vis.
Lenge leva la Befana!
Ha le mani al petto in croce,
e la neve è il suo mantello,
ed il gelo il suo pannello,
ed il vento la sua voce.
Ha le mani al petto in croce.
Ho har hendene kryssa ved brystet,
og snøen er kappa hennar,
og isen er kleda hennar,
og vinden er stemmen hennar.
Ho har hendene kryssa ved brystet.[8]

La Befana vien di notte er òg tittelen på ein italiensk spelefilm.[9]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Espeland, Velle (1945-) (2000). Julenissen og andre nissar. Oslo: Omnipax. s. 31–32. ISBN 8253022212. 
  2. «The Befana’s Sweet “Coal” Recipe», iItaly.org (på engelsk), henta 13. desember 2020 
  3. «Strenua - Goddess of the new year. - Roman Goddess», www.thewhitegoddess.co.uk, henta 13. desember 2020 
  4. https://www.summerinitaly.com/traveltips/the-legend-of-la-befana
  5. http://www.festadellabefana.com/fiera-della-befana/
  6. «Rome police close Christmas market in Piazza Navona», Wanted in Rome (på engelsk), 13. desember 2019, henta 13. desember 2020 
  7. «Giuseppe Gioacchino Belli | Italian poet», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 13. desember 2020 
  8. Viene La Befana, henta 13. desember 2020 
  9. MYmovies.it, «La befana vien di notte», MYmovies.it (på italiensk), henta 13. desember 2020