Julekrybbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Julekrybbe med figurar frå Juleevangeliet.

Julekrybbe er ei nemning på ei kunstnarleg framstilling av hendingane då Jesus vart fødd i Betlehem. Ei julekrybbe vert gjerne utgjort av figurar utskorne i tre, til minne om hendingane skildra i Juleevangeliet. Julekrybber vert nytta i samband med feiringa av jul i fleire land der kristendomen er vanleg religion.

Julekrybba syner vanlegvis Jesus liggjande i ei krybbe i ein stall (eller i ei hòle innretta for dyr). Josef og Maria er sentrale figurar. Over det heile kan Betlehemsstjerna lysa. Heilage tre kongar kan verta synt medan dei kjem med gåver.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den heilage Frans av Assisi blir ofte omtalt som den første til å laga ei julekrybbe i Greccio i 1223.[1] Han skal ha laga til ei krybbe med høy, og ei levande okse og eit esel.[2] Krybba med to dyr var utgangspunktet for seinare julekrybber med figurar i staden for levande dyr.

Julekrybber eller presepio blei utbreidde i Italia på 1500-talet, og utvikla seg til rike tablå av figurar og bygningar tilknytt den bibelske forteljinga og sitt eige nærmiljø.[3] Julekrybbene blei opphavleg sette opp i kyrkjer nær altaret, men blei seinare attraksjonar i husa til framståande adelsfolk.[4]

Regionale tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Scene frå Krýzovy jesličky.

Det finst i dag ei rekkje ulike variasjonar over krybbene, som Weihnachtsberg (julefjell) frå Tyskland og Tsjekkia, papirový betlém eller 'papirkrybber' frå Tsjekkia, szopka frå særleg Kraków i Polen, og caganer-tradisjonen frå Catalonia.[5]

I Jindřichův Hradec-området i dagens Jihočeský kraj (Sør-Bøhmen) i Tsjekkia er det tradisjon for å laga særs omfattande julekrybber. Ei julekrybbe laga av Tomáš Krýza over seksti år, Krýzovy jesličky, er teken med i Guinness rekordbok som verdas største mekaniske konstruksjon. Krybba omfattar 1389 figurar der 133 av dei rører på seg. Ho er stilt ut ved Muzeum Jindřichohradecka saman med andre store julekrybber frå området.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. D'Aponte 1977, s. 50.
  2. St. Bonaventure. «The Life of St. Francis of Assisi». e-Catholic2000. Henta 28 September 2013. 
  3. D'Aponte 1977, s. 50-51.
  4. Raggio 1965, s. 151.
  5. Sarah Rainsford (23. desember 2010), A traditional Nativity scene, Catalan-style, BBC News 
  6. http://www.mjh.cz/expozice-muzea/kryzovy-jeslicky
Bibliografi
  • Raggio, Olga (1965), «A Neapolitan Christmas Crib», The Metropolitan Museum of Art Bulletin (The Metropolitan Museum of Art) 24 (4 (Dec.)): 151–158, henta 03-12-2016 13:07 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Julekrybbe
Spire Denne kristendomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.