Juleglede

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Juleglede
Juleglede
Juleglede
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Cucurbitales
Familie: Begoniaceae
Slekt: Begonia
Art: Juleglede B. ×cheimantha
Vitskapleg namn
Begonia ×cheimantha

Juleglede (Begonia x cheimantha) er ei plante begoniaslekta. Ho er ein hybrid mellom artane B. socotrana og B. dregei. Ho har rosa eller kvite blomar, og er rekna som den eldste norske juleblomen.[1] Planta kan også kallast julebegonia, men dette kan også visa til andre begoniatypar som Begonia hiemalis.[2]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Juleglede avbilda i amerikanske The Florists' Review frå 1912 med biletteksten «The Lorraine Begonia Never Loses its Popularity With the Better Class of Christmas Flower Buyers».

Den første kjende kryssinga vart gjort i Frankrike i 1891. Victor Lemoine kryssa den sørafrikanske arten B. dregei, med B. socotrana frå øya Socotra i Jemen.[3] Dei nye plantene vart kalla B. 'Gloire de Lorraine'. I delar av Europa går derfor hybriden under namnet Lorraine begonia.

I Skandinavia fekk planta namnet julebegonia eller juleglede. Ho er ei sesongpotteplante som kjem på marknaden 7-8 veker før jul.

Seinare er det utført vidare dyrkearbeid der ein har sjølvpollinert planter, kryssa tilbake med foreldretypæn eller ved å ta stiklingar av særeigne plantedelar. Det er særleg gjort mykje arbeid med planta i Skandinavia.[3] Dei norske plantane kjem alle frå same kjelda, sorten 'Marina' som blei registert i 1948.

'Gloire de Lorraine' kan vera ei vanskeleg plante å dyrka, men har vore eit godt utgangspunkt for andre hybridar, som B. ‘Glory of Cincinnati’ og B. ‘Konkurrent’.[3]

Bruk av juleglede i dag[endre | endre wikiteksten]

Den norske produksjonen er på om lag 1 million plantar, men julestjerne (Poinsettia) har teke over ein stor del av marknaden slik at salet av juleglede er merkbart mindre enn tidlegare. Planta føretrekk jamn fukt, mykje lys og eit inneklima som ikkje er for varmt.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Juleglede i alle hjem med begonia!». Opplysningskontoret for blomster og planter. 20. desember 2017. Henta 27. desember 2017. 
  2. «Juleglede eller julebegonia». Interflora/Opplysningskontoret for blomster og planter. Henta 27. desember 2017. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «The breeding history of begonias». The Big Begonia Revival. Henta 27. desember 2017.