Juleoblat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Juleoblatar

Juleoblat (polsk: opłatki, eintal opłatek; litauisk: kalėdaitis) er ein del av austeuropeiske katolske juletradisjonar. Dei blir nytta i polske, slovakiske og litauiske heimar under «julevigiliar» – wigilia.

Dei usyra flatbrødliknande oblatane er bakte av reint kveitemjøl og vatn; dei er vanlegvis rektangulære og identiske i konsistens med den vanlegaste typen hostiar som blir brukte under den katolske messa. Dei er prega med detaljerte religiøse julemotiv, som kan variera til dømes mellom fødselsscena frå stallen i Betlehem, til Maria med barnet, og til betlehemsstjerna.

Polsk tradisjon[endre | endre wikiteksten]

I familiar som følgjer polsk skikk bryt ein av kvar sin vesle del av ein oblat (opłatek) og gjev desse til kvarandre saman med ei signing. Denne brødbrytinga og utvekslinga av signing er uttrykk for tilgjeving mellom to menneske, og skal minna familiemedlemmane om Gud og om tydinga til jula og familien.

Ei slik signing kan lyda: «Eg ynskjer deg god helse og lukke, og Guds rike signing, og at alle dine planar og at det du måtte ynskja deg må gå i oppfylling». Med barn kan signinga vera meir rett fram, som at barnet må få gode karakterar, og foreldra verta ved god helse.


Tradisjonelt bryt og utvekslar ein kvite oblatar blant familiemedlemmar, medan ein gjev farga oblatar til kjæledyr. Dette viser til dyra som var til stades som vitne av Kriste fødsel i stallen i Betlehem.

Litauisk tradisjon[endre | endre wikiteksten]

Før kūčiosmåltidet tek til, deler litauiske familiar juleoblatar med kvarandre. Desse kan ein kalla kalėdaitis, plotkelė, paplotėvert lidt, plokštainėlidast eller dievo pyragai, alt etter kva for eit område av Litauen ein er knytt til. Det blir sett ein tallerken midt på bordet med like mange juleoblatar i som det er personar til måltidet. Kvar familiemedlem får så ein kvar av dei usyra oblatbrøda. Deretter utvekslar ein nokre ord. Familieoverhovudet, som kan vera den eldste til stades eller faren i huset, tek ein oblat og gjev til ein familiemedlem og ynskjer god jul. Ein svarar: «Måtte Gud gje at vi er alle samla igjen til neste jul», og bryt av eit stykke av oblaten. Dette held fram til familieoverhovudet har gjeve kvar familiemedlem ein oblat.

Etterpå er alle nøye med utveksla helsingar og gje brotstykke til alle deltakarane ved måltidet. Det er viktig at ingen gløymer nokon. Den personen som held i oblaten freistar å hindra at ikkje eit svært stort stykke blir brote av.

Når alle har utveksla oblatar, legg alle fram stykka sine for familieoverhovudet. Han ser på stykka i hendene deira, og seier noko om korleis dei er samla. Etter dette vender alle tilbake til plassane sine og et stykka sine.

Opphavet til skikken[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt sporar ein skikken tilbake til tidleg kristendom (antidoron), og ser på han som ei ikkje-sakramental førespegling av mottaking av den heilage eukaristien. Som juleskikk har opłatek opphav i Polen og var vel utbreidd allereie på 1600-talet. Han spreidde seg frå polsk adel (szlachta) til heile det polsk-litauiske samveldet og til nabolanda.

Etter delingane av Polen fekk skikken patriotiske overtonar, ein ønska at alle delane av Polen måtta samlast og landet få sjølvstende att. Det var frå denne tida at ein byrja å prega religiøse motiv på oblatbrøda ved bakinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]