Førjulstid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elektriske julelys under førjulstida i Tokyo.
Førjulstida og advent kan markerast med ein adventskalender.

Førjulstid er tidsrommet før jul der ein førebur feiringa gjennom å skaffa julegåver, laga og hengja opp pynt, gjera reint og laga til mat. Handelsstader bruker førjulstida til å selja gåver, mat og pynt som høyrer jula til. For mange er det denne tida dei har det største salet, og dei kan leggja mykje arbeid i juleutstillingar og underhaldning i tida før jul. Julestrida, alt arbeidet rundt det å førebu jula, er knytt til denne tida.

Markering av førjulstida[endre | endre wikiteksten]

Ein kan markera at førjulstida er begynt ved å setja opp elektriske julelys og jule- eller adventspynt. Ein kan ha koselege stunder der ein tenner levande lys eller drikk særskilde drikkar, som gløgg. I samband med advent kan ein ha ein adventskalender.

Det kan haldast mindre feiringar, som luciadagen, julebord, juleselskap eller juleverkstad, samlingar der ein kjem saman for å førebu gåver, pynt eller søtmat til jul. Det blir også arrangert julekonsertar med julemusikk og teaterførestillingar med julespel.

Tidsmessig plassering[endre | endre wikiteksten]

Kva tid førjulstida tek til er det ulike tankar om i ulike samfunn og delar av samfunna. I Noreg og mange andre stader er det vanleg å rekna advent frå 1. desember som førjulstid. Hjå andre kan ho byrja to veker eller ein månad eller før jul. I USA er «Black Friday», dagen etter Thanksgiving i slutten av november, blitt den vanlege byrjinga på julesalet med nedsette prisar for å lokka kundar.[1] Butikkar kan ta til å selja juleeffektar i oktober, men mange reknar dette som ein for tidleg, ein «tjuvstart» på førjulstida. Organisasjonen Fremtiden i våre hender starta kampanjen «Gi oss jula tilbake!» mot det dei rekna som ei øydelggjande forlenging av jula. Kampanjen blei lagd ned etter at julemarsipan var å få kjøpt frå 26. september 2008.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]