OGAE

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

OGAE (Organisation Générale des Amateurs de l'Eurovision) er eit av dei to store internasjonale fanklubbnettverka til Eurovision Song Contest. Dei har underavdelingar i 37 europeiske land.

OGAE starta i 1984 i Finland, lenge etter den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956. Alle land som deltek eller har delteke i Eurovision Song Contest kan ha si eige OGAE. Land som ikkje har delteke i Eurovision Song Contest er samla under OGAE Rest of the World, som vart starta i 2004.

Kvart år arrangerer organisasjonen fire tevlingar, OGAE Song Contest, OGAE Second Chance Contest, OGAE Video Contest og OGAE Homecomposed Song Contest.

Formålet er å spreie nasjonal populærmusikk over heile verda og å utøve samarbeid over OGAE-nettverka, samarbeid mellom Eurovision Song Contest fans, promotering av Eurovision Song Contest og skape gode relasjonar med nasjonale kringkastingsselskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]