Eurovision Song Contest 1983
Eurovision Song Contest 1983 | ||||
---|---|---|---|---|
Dato | ||||
Vertskap | ||||
|
||||
|
||||
Varigskap | ||||
Opningsnummer | ||||
Pausenummer | ||||
Bidrag | ||||
|
||||
Kart | ||||
Røysting | ||||
|
||||
Eurovision Song Contest | ||||
|
Eurovision Song Contest 1983 (ESC 1983) var den 28. gongen Eurovision Song Contest blei arrangert. Konkurransen blei halden i Rudi-Sedlmayer-Halle i München i Vest-Tyskland. Finalen fann stad laurdag 23. april. Luxembourg vann konkurransen med songen «Si la vie est cadeau», framført på fransk av Corinne Hermès.
På eit tidspunkt under poengutdelinga kom det mumling og buing frå salen; det var då det blei klart at den greske juryen valde å gi vertslandet Vest-Tyskland berre eitt poeng. Mange i salen applauderte då den nederlandske juryen gav Luxembourg berre eitt poeng, noko som fekk programleiaren til å sleppe ein nervøs latter.
Bidraga[endre | endre wikiteksten]
Finale[endre | endre wikiteksten]
- Finalen blei halden den 23. april 1983 i Rudi-Sedlmayer-Halle.
- Luxembourg vann konkurransen for femte gong.
- Noreg og Austerrike kom på ein delt 9. plass.
- Italia og Finland kom på ein delt 11. plass.
- Tyrkia og Spania kom på ein delt 19. plass.
Nr. | Land | Artist | Song | Språk | Plass | Poeng |
---|---|---|---|---|---|---|
1. | Frankrike | Guy Bonnet | «Vivre» | Fransk | 8 | 56 |
2. | Noreg | Jahn Teigen | «Do Re Mi» | Norsk | 9 | 53 |
3. | Storbritannia | Sweet Dreams | «I'm Never Giving Up» | Engelsk | 6 | 79 |
4. | Sverige | Carola Häggkvist | «Främling» | Svensk | 3 | 126 |
5. | Italia | Riccardo Fogli | «Per Lucia» | Italiensk | 11 | 41 |
6. | Tyrkia | Çetin Alp & the Short Waves | «Opera» | Tyrkisk | 19 | 0 |
7. | Spania | Remedios Amaya | «¿Quién maneja mi barca?» | Spansk | 19 | 0 |
8. | Sveits | Mariella Farré | «Io così non ci sto» | Italiensk | 15 | 28 |
9. | Finland | Ami Aspelund | «Fantasiaa» | Finsk | 11 | 41 |
10. | Hellas | Christie Stasinopoulou | «Μου λες» («Mou Les») | Gresk | 14 | 32 |
11. | Nederland | Bernadette | «Sing Me a Song» | Nederlandsk | 7 | 66 |
12. | Jugoslavia | Daniel Popović | «Džuli» | Serbo-kroatisk | 4 | 125 |
13. | Republikken Kypros | Stavros & Constantina | «Η αγάπη ακόμα ζει» («I Agapi Akoma Zi») | Gresk | 16 | 26 |
14. | Vest-Tyskland | Hoffmann & Hoffmann | «Rücksicht» | Tysk | 5 | 94 |
15. | Danmark | Gry Johansen | «Kloden drejer» | Dansk | 17 | 16 |
16. | Israel | Ofra Haza | «חי» («Hi») | Hebraisk | 2 | 136 |
17. | Portugal | Armando Gama | «Esta balada que te dou» | Portugisisk | 13 | 33 |
18. | Austerrike | Westend | «Hurricane» | Tysk | 9 | 53 |
19. | Belgia | Pas de Deux | «Rendez-vous» | Nederlandsk | 18 | 13 |
20. | Luxembourg | Corinne Hermès | «Si la vie est cadeau» | Fransk | 1 | 142 |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «ESC 1983» frå Wikipedia på bokmål, «ESC 1983» frå Wikipedia på engelsk og VG.no, den 20. mars 2011.