Språk i Eurovision Song Contest
Språk i Eurovision Song Contest gjev oversyn over språk og dialektar som har vorte sunge i Eurovision Song Contest.
Frå 1956 til 1965 kunne ein synge på det språket ein ynskte, men i 1966 vart det innført ein regel om at songane skulle verte sunge på eit av dei offisielle språka i landet ein representerte. Dette var fordi Ingvar Wixell hadde sunge på engelsk for Sverige i 1965.
Regelen varte heilt fram til 1973 då det att vart lov å synge på det språket ein ynskte. Fleire vinnarar på midten av 1970-talet nytta seg av å synge på engelsk, inkludert ABBA som representerte Sverige i 1974. I 1977 vedtok Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) at ein ikkje lenger kunne velje språk, men at ein måtte nytte eit av dei offisielle språka i landet ein representerte. Sidan Vest-Tyskland og Belgia allereie hadde vald song før språkregelen vart gjeninnført, fekk dei lov til å synge på engelsk. Songen til Austerrike inneheld òg litt engelsk.
I 1999 vart regelen endra att, slik at ein kunne nytte det språket ein måtte ynskje. Denne endringa førte til at det belgiske bidraget i 2003 vart sungen på eit kunstig språk. I 2006 vart det nederlandske bidraget sungen både på engelsk og eit kunstig språk. Det belgiske bidraget i 2008 vart òg sungen på eit kunstig språk.
Sidan gjenninnføringa av denne regelen har fleire land vald å synge sine songar på fleire ulike språk, ofte engelsk og det offisielle språket i landet. Tidlegare henda det ofte at fleire land, som Kroatia med songen «Don't Ever Cry» i 1993 og Austerrike med songen «One Step» og Bosnia-Hercegovina med songen «Goodbye» i 1997, valde bidrag som vart sungen på eit av dei offisielle språka i landet, men hadde tittel og éin linje av songen på eit anna språk, ofte engelsk.
Landet som har nytta flest språk i éin song er Noreg. Bidraget «It's Just a Game» av Bendik Singers, som representerte Noreg i 1973, vart sungen på tolv språk: engelsk, fransk, spansk, italiensk, nederlandsk, tysk, irsk, serbokroatisk, hebraisk, finsk, svensk og norsk. I 2012 vart songen «Love Unlimited» av Sofi Marinova, som representere Bulgaria, sungen på elleve språk: bulgarsk, tyrkisk, gresk, spansk, serbokroatisk, fransk, romanés, italiensk, aserbajdsjansk, arabisk og engelsk.
Aserbajdsjan er det einaste landet som enno ikkje har delteke med ein song framført på det offisielle språket i landet, aserbajdsjansk. Fram til 2017 hadde ikkje Kviterussland delteke med ein song på eit av sine offisielle språk, kviterussisk og russisk, men det kviterussiske bidraget i 2017 vart framført på kviterussisk.
Fyrste bruk av språk
[endre | endre wikiteksten]Eurovision Song Contest på dei nasjonale språka
[endre | endre wikiteksten]Språk | Land der språket har offisiell status | Eurovision Song Contest på språket |
---|---|---|
Albansk | ![]() |
Festivali Evropian i Këngës |
Arabisk | ![]() ![]() |
مسابقة يوروفيجن للأغاني |
Armensk | ![]() |
Եվրատեսիլ երգի մրցույթ |
Aserbajdsjansk | ![]() |
Avroviziya Mahnı Müsabiqəsi |
Bosnisk | ![]() |
Eurovision Song Contest |
Bulgarsk | ![]() |
Песенен конкурс Евровизия |
Dansk | ![]() |
Europæisk Melodi Grand Prix |
Engelsk | ![]() ![]() ![]() ![]() |
Eurovision Song Contest |
Estisk | ![]() |
Eurovisiooni lauluvõistlus |
Finsk | ![]() |
Eurovision laulukilpailu |
Fransk | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Concours Eurovision de la Chanson |
Georgisk | ![]() |
ევროვიზიის სიმღერის კონკურსი |
Gresk | ![]() ![]() |
Διαγωνισμός Τραγουδιού Eurovision |
Hebraisk | ![]() |
אירוויזיון |
Islandsk | ![]() |
Söngvakeppni evrópskra sjónvarpsstöðva |
Irsk | ![]() |
Comórtas Amhránaíochta na hEoraifíse |
Italiensk | ![]() ![]() ![]() |
Concordo Eurovision della Canzone |
Katalansk | ![]() |
Festival de la Cançó d'Eurovisió |
Kroatisk | ![]() ![]() |
Pjesma Eurovizije |
Kviterussisk | ![]() |
Конкурс песні Еўрабачанне |
Latvisk | ![]() |
Eirovīzijas dziesmu konkurss |
Litauisk | ![]() |
Eurovizijos dainų konkursas |
Luxembourgsk | ![]() |
Eurovision Song Contest |
Makedonsk | ![]() |
Евровизија |
Maltesisk | ![]() |
Festival tal-Eurovision |
Nederlandsk | ![]() ![]() |
Eurovisiesongfestival |
Montenegrinsk | ![]() |
Evrovizija |
Norsk (bokmål) | ![]() |
Eurovisjonens musikkonkurranse |
Polsk | ![]() |
Konkurs Piosenki Eurowizji |
Portugisisk | ![]() |
Festival Eurovisão da Canção |
Rumensk (moldovsk) | ![]() ![]() |
Concursul Muzical Eurovision |
Retoromansk | ![]() |
|
Russisk | ![]() ![]() |
Конкурс песни Евровидение |
Serbisk | ![]() ![]() ![]() |
Песма Евровизије |
Slovakisk | ![]() |
Veľká cena Eurovízie |
Slovensk | ![]() |
Pesem Evrovizije |
Spansk | ![]() |
Festival de la Canción de Eurovisión |
Svensk | ![]() ![]() |
Eurovision Song Contest |
Tsjekkisk | ![]() |
Velká cena Eurovize |
Tyrkisk | ![]() ![]() |
Eurovision Şarkı Yarışması |
Tysk | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Eurovision Song Contest |
Ukrainsk | ![]() |
Пісенний конкурс Євробачення |
Ungarsk | ![]() |
Eurovíziós Dalfesztivál |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Languages in the ESC» frå Wikipedia på engelsk, den 14. februar 2011.