Hopp til innhald

Vertsbyar for Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vertsbyar for Eurovision Song Contest gjev oversyn over byar som har arrangert Eurovision Song Contest. Tevlinga vert arrangert av landet som vinn året før, og kan sjølv velje kva for by som skal vere vert. Sjølv om tevlinga vert finansiert av sponsorar og kringkastarane frå dei ulike deltakarlanda, må vertsbyen og -landet vere ansvarleg for å dekkje kostnadene for mellom anna overføring, arena, overnattingar og transport for deltakarane. For å velje vertsby må ein sørge for å ha nok hotellrom, gode høve til transport og få støtte frå lokale styresmakter. Fleire byar kan søke om å vere vertsby, og kringkastaren vel ut den dei meiner vil gjere det best. Å arrangere tevlinga gjev òg høve til å tiltrekkje seg internasjonal merksemd.

Val av vertsby

[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest vart halden i Lugano i Sveits, som òg er hovudkvarteret til Den europeiske kringkastingsunionen. Året etter takka Frankfurt am Main i Vest-Tyskland ja til å arrangere tevlinga etter at Sveits ikkje ynskte å arrangere tevlinga att. I 1958 stadfesta Den europeiske kringkastingsunionen at vinnarlandet får fyrsterett på å arrangere tevlinga året etter. Sidan regelen vart innført har det berre hendt fem gonger at vinnarlandet ikkje ynskte å arrangere tevlinga. I 1960, 1963 og 1974 nekta høvesvis Nederland, Frankrike og Luxembourg å arrangere tevlinga av di dei allereie hadde arrangert tevlinga dei siste åra og av di dei ikkje hadde god nok økonomi. Etter å ha vunne i 1971 nekta Monaco å vere vertsland av di dei ikkje hadde nokon stad å arrangere tevlinga. Alle desse gongane vart tevlinga arrangert i Storbritannia. I 1980 måtte Nederland arrangere tevlinga av di Israel nekta å arrangere tevlinga to år på rad. Når eit land vinn tevlinga må Den europeiske kringkastingsunionen stadfeste om landet får vere vert for arrangementet. Deretter vel ein vertsby. Sjølv om hovudstaden ofte vert vald som vertsby av di han er den mest folkerike, er det ikkje alltid det beste alternativet for å arrangere Eurovision Song Contest. Dei fyrste åra valde ein byar som Hilversum, Cannes og Napoli framfor hovudstadene Amsterdam, Paris og Roma. Storbritannia er det landet som har arrangert tevlinga flest gonger, heile åtte gonger. Irland har arrangert tevlinga sju gonger, og arrangerte tevlinga tre år på rad frå, i 1993, 1994 og 1995. Arenaen som har vorte brukt flest gonger er Point Theatre, i 1994, 1995 og 1997. Parken er den største arenaen som har arrangert Eurovision Song Contest, medan Millstreet er den minste byen som har arrangert tevlinga.

BBC Television Centre.
Scandinavium.
Studio 15 di Cinecittà.
Oslo Spektrum.
Beogradska arena.
Düsseldorf Arena.
TevlingarLandByArenaÅr
9 StorbritanniaLondonRoyal Festival Hall1960
BBC Television Centre1963
Royal Albert Hall1968
Wembley Conference Centre1977
EdinburghUsher Hall1972
BrightonBrighton Dome1974
HarrogateHarrogate International Centre1982
BirminghamNational Indoor Arena1998
LiverpoolM&S Bank Arena2023
7 IrlandDublinGaiety Theatre1971
Royal Dublin Society1981
1988
Point Theatre1994
1995
1997
MillstreetGreen Glens Arena1993
6 SverigeStockholmSankt Eriks-Mässan1975
Globen2000
2016
GöteborgScandinavium1985
MalmöMalmö Isstadion1992
Malmö Arena2013
4 NederlandHilversumAVRO Studio1958
AmsterdamRAI Congrescentrum1970
HaagCongresgebouw1976
1980
LuxembourgLuxembourgVilla Louvigny1962
1966
Grand Théâtre de Luxembourg1973
1984
3 Frankrike CannesPalais des Festivals et des Congrès1959
1961
ParisPalais des congrès de Paris1978
DanmarkKøbenhavnTivolis Koncertsal1964
Parken2001
B&W Hallerne2014
NoregBergenGrieghallen1986
Oslo[a]Oslo Spektrum1996
Telenor Arena2010
TysklandFrankfurt am MainGroßer Sendesaal des hessischen Rundfunks1957
MünchenRudi-Sedlmayer-Halle1983
DüsseldorfDüsseldorf Arena:2.[b]2011
IsraelJerusalemMerkaz HaKongresim HaBeinLeumi1979
1999
Tel AvivExpo Tel Aviv2019
ItaliaNapoliSala di Concerto della RAI1965
RomaStudio 15 di Cinecittà1991
TorinoPala Alpitour2022
SveitsLuganoTeatro Kursaal1956
LausannePalais de Beaulieu1989
BaselSt. Jakobshalle2025
2 AusterrikeWienGroßer Festsaal der Wiener Hofburg1967
Wiener Stadthalle2015
UkrainaKyivKyivskyi Palats Sportu2005
Kyiv internasjonale utstillingssenter2017
1 SpaniaMadridTeatro Real1969
BelgiaBrusselHeysel Park1987
JugoslaviaZagrebKoncertna dvorana Vatroslav Lisinski1990
EstlandTallinnSaku Suurhall2002
LatviaRigaOlimpiskā Skonto halle2003
TyrkiaIstanbulAbdi İpekçi Arena2004
HellasAtenOlymbiakό Kleistό Gymnastírio2006
FinlandHelsingforsHartwall Arena2007
SerbiaBeogradBeogradska arena2008
RusslandMoskvaOlimpijskij2009
AserbajdsjanBakuBakı Kristal Zalı2012
PortugalLisboaAltice Arena2018
  1. Oslo var offisiell vertsby for Eurovision Song Contest 2010, sjølv om tevlinga vart halden i nabokommunen Bærum i nabofylket Akershus.
  2. Namnet Düsseldorf Arena vart berre brukt under Eurovision Song Contest 2011, og det opphavlege namnet ESPRIT Arena vart teken attende etter tevlinga fann stad.