The Secret History of Eurovision

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Secret History of Eurovision
SjangerMusikkdokumentar
Lengd90 minutt eller 2x1 time
SpråkEngelsk

The Secret History of Eurovision er ein fjernsynsdokumentar produsert av Brook Lapping Productions og Electric Pictures i samarbeid med Screen Australia, for å kartleggje historia om Eurovision Song Contest og hans innverknad på europeiske politiske og sosiale struktur. Dokumentaren innehaldt arkivmateriale frå tidlegare tevlingar og arkivnyhende, samt nye intervjuar.

Dokumentaren er distribuert av BBC Worldwide, anten som ein frittståande dokumentar på 90 minutt utan pausar eller som to dokumentarar på ein time kvar. Ulike Nett-TV i Europa kringkasta programmet før finalen i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf 14. mai. I Storbritannia vart programmet kringkasta på More4 laurdag 7. mai og i Australia vart det kringkasta på Special Broadcasting Service (SBS) fredag 6. mai og 13. mai.

Nokre av bidragsytarane var Bob Geldof, Svante Stockselius, Dana, Dana International, Terry Wogan, Ruslana, Bucks Fizz, Lena Meyer-Landrut, Johnny Logan, Paddy O'Connell, Lordi, Niamh Kavanagh, Dave Benton, John Kennedy O'Connor, Bill Martin, Mart Laar, Alexis Petridis, Bill Whelan og Nicole.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]