Røysting i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Røysting i Eurovision Song Contest gjev oversyn over røystinga i Eurovision Song Contest. Sidan tevlinga starta har det vore sju ulike røystesystem. Røystesystemet som har vorte brukt sidan 1975 tillèt kvart land å dele ut tolv, ti og åtte til eitt poeng til ti ulike bidrag. Ingen land kan røyste på seg sjølv.

Metoden ein nyttar i dag, fyrst brukt i 2009, er ei jamn fordeling mellom juryrøyster og telefonrøyster. Etter at alle landa starta å bruke telefonrøyster i 1998, hadde ein berre brukt juryrøyster om det oppstår ein feil med telefonrøystene. Etter at telefonrøyster vart innført kunne ein røyste i 15 minutt etter at det siste bidraget vart framført. I 2010 og 2011 kunne ein starte å røyste allereie då det fyrste bidraget vart framført. Frå og med 2012 kan ein ikkje lenger røyste før siste bidrag har vorte framført.

I 1956 vart vinnaren kåra av ein jury sett saman av to delegatar frå kvar av deltakarlanda, med unntak av Luxembourg, som lét delegatane frå Sveits røyste for seg. Jurymedlemene stod fritt til å røyste på dei songane dei likte best, òg songar frå sitt eige land. Røystegjevinga til juryen vart aldri presentert i programmet; ein talsmann kunngjorde ganske enkelt at Sveits hadde vunne. I 1956 arrangerte British Broadcasting Corporation ei nasjonal uttaking for Storbritannia, sjølv om landet ikkje debuterte før i 1957, og kontakta sine regionale juryar via telefon. Året etter, og heilt fram til tevlinga i 1993, kontakta Den europeiske kringkastingsunionen dei internasjonale juryane via telefon i Eurovision Song Contest. I 1994 vart den fyrste satellittoppkoplinga til juryane gjennomført.

For å kunngjere røystene har ein poengutdelar frå kvart av landa vorte kopla opp via satellitt. Talspersonen må prate på engelsk eller fransk når han eller ho kunngjer røystene. Opphavleg vart røystene kunngjort på nytt på både engelsk og fransk av programleiaren, men sidan 2004, på grunn av tidspress, har dei berre omsetja frå engelsk til fransk eller frå fransk til engelsk. Røystegjevinga har vorte lenger av di fleire land har vorte med i tevlinga. Frå 2006 har poenga frå sju til éin berre vorte synt på skjermen i staden for å verte lesne opp. Poengutdelaren har dimed berre lese opp kven som får åtte, ti og tolv poeng. Resultattavla syner talet poeng kvart land har fått. I 2006 las den nederlandske poengutdelaren Paul de Leeuw likevel opp alle poenga frå éin til sju, i tillegg til åtte, ti og tolv.

Røystelikskap[endre | endre wikiteksten]

Etter 1969 vart det innført eit system som seier at når eitt eller fleire land får lik poengsum skal den av dei som har fått tolv poeng flest gongar få den høgaste plasseringa. Om dei har like mange tolvarar fortsett ein med å telje mengda tiarar, åttarar og så bortetter. Dette systemet vart innført av di Frankrike, Nederland, Spania og Storbritannia fekk like mange poeng i Eurovision Song Contest 1969 og vann. Sidan det ikkje fanst noko system på den tida måtte landa dele sigaren. Austerrike, Finland, Sverige, Noreg og Portugal boikotta tevlinga i 1970 på grunn av dette.

Den noverande regelen seier at om to eller fleire land får lik poengsum får det landet som har fått poeng frå flest land den høgaste plasseringa. Har landa fått poeng frå like mange land nyttar ein systemet med å telle talet på tolvarar og så bortetter. I 1991 fekk Sverige og Frankrike 146 poeng. Båe landa hadde fått fire tolvarar kvar, men Sverige hadde fått fem tiarar og Frankrike hadde berre fått to. Dimed vann Sverige og Frankrike enda på andreplass med den minste marginen nokon gong. I 2015 enda både Austerrike og Tyskland opp utan poeng, og ein kunne korkje bruke regelen om kven som har fått poeng frå flest land eller kven som har fått flest tolvarar og så bortetter. Det landet som framførte bidraget sitt fyrst fekk dimed den beste plasseringa; Austerrike enda på 26. plass og Tyskland på 27. og sisteplass, båe med null poeng.

Null poeng[endre | endre wikiteksten]

I dag har kvart deltakarland ti ulike poeng å dele ut og det er dimed sjeldan at eit land ikkje får poeng. Om til dømes poenga i finalen i Eurovision Song Contest 2010 hadde vorte fordelt tilfeldig, der 39 land røysta på 25 bidrag, ville sannsynlegheita for å ikkje få poeng ha vore om lag ein til 530 millionar.

Då ein nytta det nest mest nytta poengsystemet gav jurymedlemmene poeng individuelt og berre til sin favoritt. Det var då større fare for at eit land ikkje fekk poeng. Likevel skjedde det ikkje før sju år etter ein starta og nytte dette systemet, i 1967.

Når det skjer vert det ofte referert til i dei britiske populistiske medium som «nul points». Uttrykket vert uttala som om det er fransk, sjølv om det er meiningslaust på fransk. Under poenggjevinga i Eurovision Song Contest nyttar ein aldri dette uttrykket. Fransk for «null poeng» er «pas de point» og «zéro point», men heller ingen av desse uttrykka vert nytta i tevlinga.

Bidrag som har fått null poeng sidan poengsystemet ein nyttar i dag vart innført i 1975:

I 2015 fekk eit verstland null poeng for fyrste gong, då Austerrike ikkje fekk poeng. Austerrike enda likevel ikkje på sisteplass. Reglane gjorde slik at sidan Austerrike framførte sitt bidrag før Tyskland, som òg fekk null poeng same år, vart det Tyskland som enda sist.

Regional blokkrøysting[endre | endre wikiteksten]

Blokkrøysting i Eurovision Song Contest frå 2001 til 2005. ██ Den pyreneiske aksen ██ Det uheile Benelux ██ Vikingriket ██ Warszawapakta ██ Balkanblokka

Statistiske analysar av resultata mellom 2001 og 2005 ymtar om at det finst tilfelle av regional blokkrøysting. Det er ukjend i kva grad det er medvitne politiske alliansar eller at kulturelt nære land har lik musikksmak. Storbritannia og Frankrike vil utveksle poeng med eit gjennomsnitt på om lag 6,5 per tevling. Hellas og Kypros har sidan 1997 alltid gjeve maksimalt tolv poeng til kvarandre når det har vore mogleg. Fleire land kan verte organisert i røysteblokkar etter korleis dei røystar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]