Saturday in the Park

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Saturday in the Park
Singel av Chicago
frå albumet Chicago V
B-side «Alma Mater»
Utgjeve Juli 1972
Innspelt September 1971
Sjanger Rock, jazzfusion
Lengd 3:56
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Robert William Lamm
Produsent James William Guercio
Chicago-kronologi
«Questions 67 and 68» /
«I'm A Man»
(1971)
Saturday in the Park «Dialogue
(Part I & II)
»
(1972)


«Saturday in the Park» er ein song skriven av Robert Lamm og spelt inn av gruppa Chicago i 1972 for albumet Chicago V.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Saturday in the Park» gjorde det særs godt då han kom ut og nådde tredjeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100,[1] den høgaste plasseringa bandet hadde hatt til då, og dette var med på å løfte albumet opp til toppen av albumlista.[2] Billboard rangerte songen på 76. plassen for heile 1972.[3] Singelen selde til gullplate for 1 million selde eksemplar i USA aleine.[4]

I følgje Chicago-medlemmet Walter Parazaider, vart Lamm inspirert til å skrive songen under innspelinga av V i New York City den 4. juli 1971 (ein sundag):

« Robert kom attende til hotellet etter ein tur til Central Park og var begeistra etter å ha sett ei gruppe steel-trommer, songarar, dansarar og gjøglarar. Eg sa 'Du må lage musikk til dette![5] »

Linja «singing Italian songs» vert etterfølgd av «Eh Cumpari» og så fleire ord på tulle-italiensk, som i teksten på omslaget berre står som «?». Men i ein film av ein konsert der Chicago spelar «Saturday in the Park» i Arie Crown Theater i Chicago i 1972, er det tydeleg at Robert Lamm syng, «Eh Cumpari, ci vo sunari,» den første linja av songen «Eh, Cumpari!», som vart gjort kjend av Julius La Rosa i 1953.

«Saturday in the Park» har blitt brukt i ein populær reklamefilm i Japan. Songen vert òg spelt ved fleire baseball-stadion i USA når det er kampar på laurdag ettermiddag.

Pianoriffet i opninga vart sampla av Jill Sobule for songen hennar «Cinnamon Park» i 2004 på, Underdog Victorious.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn denne songen er

  • Det australske bandet The Nissan Cedrics på albumet deira Going for a Song (1997)
  • Det amerikanske acapella-bandet Xtension Chords på albumet deira The Best of X (2003)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Billboard Singlar». All Media Guide / Billboard. Henta 17. oktober 2015. 
  2. «Billboard Album». All Media Guide / Billboard. Henta 17. oktober 2015. 
  3. Billboard Year-End Hot 100 singles of 1972
  4. «RIAA searchable certification database». Recording Industry Association of America. Henta 17. oktober 2015. 
  5. «A Chicago Story». Chicago Records II. Henta 21. oktober 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]