Songen Joe's Garage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Joe's Garage
Singel av Frank Zappa
frå albumet Joe's Garage Act I
Utgjeve 3. mars 1979
Innspelt 1979
Sjanger Komedierock, progressiv rock
Lengd 6:10
Selskap CBS Records
Låtskrivar(ar) Frank Zappa
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi
«Bobby Brown (Goes Down)»
(1979)
Joe's Garage «Stick It Out»
(1979)


«Joe's Garage» er ein song av Frank Zappa frå 1979 på albumet Joe's Garage Act I. Songen vart gjeven ut som singel. Etter introsporet, «The Central Scrutinizer» starta denne songen soga på Joe's Garage. Trass i at singelen ikkje gjekk inn på salslista, vart det ein av dei mest spelte songane til Zappa på FM Radio. Songen vart framført på konsertane hans frå 1980 til 1988, i lag med songen «Why Does it Hurt When I Pee?». Singelversjonen av songen manglar mange av spesialeffektane som albumversjonen har. Singelversjonen av «Joe's Garage» vart gjeven ut på samleplata Strictly Commercial.[1]

Soga[endre | endre wikiteksten]

Songen introduserer hovudkarakteren Joe og bandmedlemmet Larry Fanoga. Han forklarer at Joe, Larry og venene deira startar eit band i garasjen til Joe og splear den same, enkle songen om att og om att. Dette var ein slags parodi av dei mange garasje- og punkbanda på denne tida. Dei starta å spele denne eine songen i ein go-go bar og etter kvart vart den repeterande musikken deira god nok til at dei fekk tilbod om ein plateselska, men av uklåre årsaker gjekk bandet frå kvarandre kort tid etter. Etter kvart spelar dei så høgt i garasjen at politiet kjem til dei. Det vert forklart at dette er første gongen Joe møter rettsvesenet («Joe's first confrontation with the law»), og impliserer at han seinare i soga vil få meir trøbbel med politiet. Politiet let han gå, men seier at han bør halde seg til meir kyrkje-orienterte aktivitetar («stick to church oriented activities»), ein kommentar om korleis vaksne på denne tida følte at religion ville reinse ein for dei vonde syndene rocken førte med seg. Denne linja levert av the Central Scrutinizer introduserer òg den neste songen på albumet, «Catholic Girls».[2] [3]

Overture[endre | endre wikiteksten]

Songen indikerer musikkstilane som vart nytta seinare på albumet, som bjøllene på «Why Does it Hurt When I Pee?», nokre merkelege gitarlinjer i «He Used to Cut the Grass», og linja «It makes its own sauce if you add water», som dukkar opp att i songen «Crew Slut.» Dette gjer at songen vert ein slags overture for albumet.

Tema[endre | endre wikiteksten]

Det underliggande temaet i songen, og for heile albumet, var basert på hatet Zappa hadde mot sensur, misbruket til plateselskap på denne tida, og band utan talent som vert kjende. Songen hadde ein meir kommersiell stil enn dei fleste andre songane på albumet fordi han var tenkt som singel, i tillegg som hovudsongen på albumet.[4][5]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

På konsertar vart songen ofte spelt i eit høgare tempo og hadde fleire interne vitsar som ein del av teksten.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7" version
A. «Joe's Garage» - 6:10
B. «Catholic Girls» - 4:26[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 http://www.allmusic.com/song/joes-garage-mt0011844497
  2. http://www.allmusic.com/song/joes-garage-mt0011844497 http://www.metrolyrics.com/joes-garage-lyrics-frank-zappa.html
  3. http://books.google.com/books?id=QjkUAQAAIAAJ&q=%22joe's+garage%22+song&dq=%22joe's+garage%22+song&source=bl&ots=l0j1AiJqcA&sig=_DbUxiA7CXVzHh7uMnc2mRvDI6o&hl=en&sa=X&ei=1mlOULOkCKPb0QGZkIGYCw&ved=0CFgQ6AEwCTgK
  4. rehttp://books.google.com/books?id=xR7MdpuSlAEC&pg=PT432&lpg=PT432&dq=%22joe's+garage%22+song&source=bl&ots=b_7yMPrZas&sig=2Uxwb-D-q2sfhWCnXb2LvLglJm8&hl=en&sa=X&ei=1mlOULOkCKPb0QGZkIGYCw&ved=0CFIQ6AEwCDgK#v=onepage&q=%22joe's%20garage%22%20-åraong&f=false
  5. Lowe, Kelly Fisher (2007). The Words and Music of Frank Zappa. University of Nebraska Press. ISBN 978-0-8032-6005-4.
  6. http://www.discogs.com/master/419895?text=Frank-Zappa-Joes-Garage