The Black Page

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«The Black Page» er eit stykke skriven av den amerikanske komponisten Frank Zappa, kjend for å vere eksepsjonelt vanskeleg å spele. Det vart opphavleg skriven for trommer og melodisk perkusjon, og vart sidan arrangert i fleire forskjellige versjonar, mellom anna ein disco «easy teenage New York version» og ein såkalla New Age-versjon. Tittelen på stykket (den svarte sida) kjem av at notearket er så fullt av notar at det vert heilt «svart».

Trommeslagaren Terry Bozzio sa om stykket

« Han skreiv det, fordi me hadde gjort denne 40 mann store orkesterkonserten i lag, og han mora seg alltid då han høyrte studiomusikarar i LA som snakka om frykten om å kome inn i studio om morgonen og finne 'den svarte sida' (the black page). Så han valte å skriven sin «Black Page». Så gav han den til meg, og eg kunne spele delar av det med ein gong. Men det var ikkje noko press, eg berre sat med trommene mine og etter kring 15 minuttar kvar dag i to veker, før me starta øvinga, kunne eg arbeide på stykket. Etter to veker hadde eg stykket klart og spelte det for han. Og han sa «Flott!», tok det heim, skreiv melodien og akkordane, og tok han med i studio, og me byrja å spele på det.[1] »

På det doble konsertalbumet Zappa in New York (spelt inn i 12/1976, og gjeve ut 3/1978), omtalte Zappa den «statistiske tettleiken» til stykket.[2] Det er skriven i 4/4-takt med omfattande bruk av tuplettar, inkludert tuplettar inni tuplettar. Fleire stader er det ein fjerdedelsnote triplett (sjettedelsnote) der kvart slag vert tald med sin eigen tuplett på 5, 5 og 6. Ein annan stad fins halvnote-triplett (tredjedels note) der det andre slaget er ein rubato kvintuplett (i røynda ein tuplett av 7), og det tredje slaget er delt inn i tuplettar på 4 og 5. Songen endar med ein fjerdedels tuplett som består av tuplettar av 5, 5 og 6, etterfølgd av to tuplettar av 11 i løpet av ein.

Den australske trommeslagaren Chris Quinlan forklarte og demonstrerte polyrytmar, nøsta polyrytmar (kvintuplettar og sekstuplettar inni ein 3:2 polyrytme), polymeter (5/4-frasar spelt over ein 4/4-takt) og strukturen til «The Black Page» i fjernsynsshowet Melbourne Musos i 1999.

I 2001 gav Terry Bozzio og Chad Wackerman ut videoen Solos and Duets, der dei spelar «The Black Page» som ein duett. Begge hadde spelt stykket tidlegare som trommeslagarar for Frank Zappa. Ein transkripsjon av stykket rulla nedst på skjermen medan dei spelte.

I 2006 vart «The Black Page» framført på Zappa Plays Zappa - Tour de Frank, eit ambisiøst prosjekt av Dweezil Zappa om å føre musikken til Zappa attende til scenen, spelt av han sjølv og eit nytt band.

I 2010 vart «The Black Page» framført av den unge britiske perkusjonisten Lucy Landymore i perkusjonsfinalen av BBC Young Musician of the Year [1], som ho vann.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]