Jazz from Hell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jazz from Hell
Studioalbum av Frank Zappa
Utgjeve 15. november 1986
Innspelt 1985–1986 ved UMRK (utanom «St. Etienne», 1982 ved Palais des Sports i St. Etienne, Frankrike)
Sjanger Datamusikk, jazzfusion
Lengd 34:26
Selskap Barking Pumpkin
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi
The Old Masters Box II
(1986)
Jazz from Hell London Symphony Orchestra, Vol. II
(1987)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg [1]
Rolling Stone(positiv)[2]

Jazz from Hell er eit instrumentalalbum av Frank Zappa som han vann ein Grammy for. Det kom ut i 1986 på Barking Pumpkin Records (vinyl) og Rykodisc (CD).

Albuminformasjon[endre | endre wikiteksten]

All songane er laga og framført av Frank Zappa på Synclavier DMS med unntak av «St. Etienne», ein gitarsolo frå eit konsertopptak av «Drowning Witch» frå ein konsert i Saint-Étienne i Frankrike under ein turné i 1982.

«While You Were Art II» er ein Synclavier-versjon basert på ein transkripsjon av ein improvisert gitarsolo på songen «While You Were Out» frå Shut Up 'n Play Yer Guitar. Den ikkje-utgjevne originale Synclavier-versjonen vart laga med berre FM-synthen på synthesizeren, medan innspelinga på albumet vart Zappa sitt «deluxe»-arrangement med nyare samplingar og klangar.

«G-Spot Tornado» var eit stykke Zappa meinte var umogeleg for menneske å spele. Det vart framført av Ensemble Modern på konsertinnspelinga The Yellow Shark.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Det vart gjeve ut i Europa på CD i lag med ni spor frå Frank Zappa Meets the Mothers of Prevention på same plate.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Zappa vann ein Grammy for beste instrumentale rock for albumet i 1988.

Kontrovers[endre | endre wikiteksten]

Sjølv omd et er eit instrumentalalbum kom det rapportar, som ikkje er stadfesta, om at Fred Meyer-kjeda selde Jazz from Hell med eit Parental Advisory-merke på. Dette kan ha kome av striden Zappa hadde med PMRC, bruken av ordet «hell» i albumtittelen, eller sporet «G-Spot Tornado».[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Frank Zappa.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Night School»4:47
2.«The Beltway Bandits»3:25
3.«While You Were Art II»7:17
4.«Jazz from Hell»2:58
Side to
Nr.TittelLengd
5.«G-Spot Tornado»3:17
6.«Damp Ankles»3:45
7.«St. Etienne»6:26
8.«Massaggio Galore»2:31

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Planer, L. (2011). «Jazz from Hell - Frank Zappa | AllMusic». allmusic.com. Henta 5. juni 2014. 
  2. Fricke, D. (2011). «Frank Zappa: Jazz From Hell : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 2009-05-25. Henta 5. juni 2014. 
  3. Nuzum, Eric. «Censorship Incidents: 1980s». Parental Advisory: Music Censorship in America. Arkivert frå originalen 2007-06-21. Henta 23. august 2014.