Bobby Brown Goes Down

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bobby Brown Goes Down
av Frank Zappa
frå albumet Sheik Yerbouti
Utgjeve 3. mars 1979
Innspelt 1978
Sjanger Komedierock
Lengd 2:49
Selskap CBS Records
Låtskrivar(ar) Frank Zappa
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi
«Dancin' Fool»
(1979)
Bobby Brown Goes Down «Joe's Garage»
(1979)


«Bobby Brown» eller «Bobby Brown (Goes Down)» er ein song av Frank Zappa på albumet Sheik Yerbouti frå 1979. Det er ein av hans mest kjende songar og var særs populær i Europa.[1][2]

Songen skildrar ein velståande, kvinnehatande student kalla Bobby Brown, «the cutest boy in town» (den søtaste guten i byen), som har eit liv som er den erketypiske amerikanske draumen fram til eit traumatisk seksuelt møte med «Freddie», ei lesbisk kvinne involvert i kvinnefrigjeringsrørsla, som får han til å setje spørsmålsteikn ved sin eigen seksualitet. Han skjønar etter kvart at han er homofil og mot slutten av songen skildrar hans eg sjølv som «sexual spastic» (seksuelt spatisk) som driv med «golden showers» og S&M, noko han takkar Freddie for. Songen var mykje meir populær i Europa enn i Amerika, og dette er årsaka til han berre finst på den europeiske utgåva av samleplata Strictly Commercial.[3][4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Versjon 1:

A. «Bobby Brown» - 2:43<
B. «Baby Snakes» - 1:50

Versjon 2:

A. «Bobby Brown» - 2:43
B. «Stick It Out» - 4:33

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «swedishcharts.com - Frank Zappa - Bobby Brown». swedishcharts.com. Henta 5. juli 2014. 
  2. «Die ganze Musik im Internet: Salslister, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche - musicline.de». musicline.de. Henta 5. juli 2014. 
  3. «Sheik Yerbouti». globalia.net. Henta 5. juli 2014. 
  4. «Zappa interviews». home.swipnet.se. Henta 5. juli 2014.