My Guitar Wants to Kill Your Mama

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
My Guitar
Singel av The Mothers of Invention
frå albumet Weasels Ripped My Flesh
B-side

«Dog Breath»

Utgjeve 1969
Innspelt juni 1969
Sjanger Hardrock, eksperimentell rock
Lengd 3:07
Selskap Bizarre, Reprise
Låtskrivar(ar) Frank Zappa
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi 
«WPLJ»
(1969)
My Guitar «Peaches en Regalia»
(1970)



The Central Scrutinizer
Song av Frank Zappa
frå albumet Joe's Garage
Utgjeve 3. september 1979
Sjanger Komedierock
Lengd 3:28
Selskap Zappa
Låtskrivar(ar) Frank Zappa
Produsent Frank Zappa

«My Guitar Wants to Kill Your Mama» er ein song skriven av Frank Zappa og opphavleg spelt inn av The Mothers of Invention i 1969. Songen vart gjeven ut i 1970 på Weasels Ripped My Flesh. Han vart òg gjeven ut som singel på Bizarre og Reprise som «My Guitar». Trass i det meir konvensjonelle namnet, gjekk ikkje singelen inn på salslistene.

Singelversjonen av songen vart spelt inn i juni 1969 og skil seg frå utgåva på Weasels Ripped My Flesh. Albumversjonen har eit lengre mellomspel før det andre verset vert repetert, og er kring eit halvt minutt lenger. Den kortare versjonen har sidan blitt gjeve ut på You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 5.

Sonen Dweezil Zappa gav i 1988 ut eit soloalbum kalla opp etter songen, og inneheld ein coverversjon av han, begge som ei hyllest til faren.

Ein acappella versjon av songen er laga av The Persuasions for eit hyllestalbum til Frank Zappa frå 2002 kalla Frankly A Capella: The Persuasions Sing Zappa.

Songen er òg spelt av Joe Satriani, Steve Vai og Eric Johnson på G3-turneen deira i 1996.[1] «The Central Scrutinizer», ein song med talt opnar Akt I av Joe's Garage, og byrja som ein oppdatert versjon av «My Guitar Wants to Kill Your Mama». Akkordprogresjonen i dei to songane er identiske.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

1.My Guitar Wants To Kill Your Mama - 3:07
2.Dog Breath - 2:56 [3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]