Dancin' Fool

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dancin' Fool
Singel av Frank Zappa
frå albumet Sheik Yerbouti
Utgjeve 1979
Innspelt 1979
Sjanger Komedierock, parodidisco
Lengd 3:43
Selskap CBS Records
Låtskrivar(ar) Frank Zappa
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi
«Disco Boy»
(1976)
Dancin' Fool «Bobby Brown (Goes Down)»
(1979)


«Dancin' Fool» er ein song av Frank Zappa på albumet Sheik Yerbouti i 1979. Han var den første av to singlar frå albumet, etterfølgd av singelen «Bobby Brown (Goes Down)». Songen vart spelt første gongen på konsert kring Halloween i 1975,[1] men var berre ein del av setlista i tre månader, ofte spelt i lag med «Approximate», som to songar som synte den store kontrasten i musikken til Zappa. Som med avslutningssporet på Zoot Allures, «Disco Boy», gjer songen narr av disco-kulturen i 1970-åra, men i motsetnad til «Disco Boy», er songen direkte fokusert på dansinga i kulturen. Karakteren Zappa syng som ikkje klarar å la vere å danse, sjølv om han ikkje kan det. Han omtalar dansinga si som «sosialt sjølvmord» og seier «the beat goes on and I'm so wrong». Kort tid etter inspirerte han til sprø danserørsler som gjorde narr av discodansarar, og var særleg relevant sidan populariteten til disco var på veg ned. «Dancin' Fool» nådde 45. plass på den amerikanske singellista og var den nest høgaste plasseringa Zappa oppnådde i heimlandet, bak songen «Valley Girl» frå 1982. Songen vart nominert til Grammy-prisen for beste mannlege vokal, men vann ikkje.[2] Songen kom òg ut på samlealbumet Strictly Commercial.[3][4]

Saturday Night Live[endre | endre wikiteksten]

Den 21. oktober 1978 var Frank Zappa gjest og musikar i sketsjshowet Saturday Night Live. Etter episoden vart han bannlyst frå showet fordi han var vanskeleg å ha med å gjere og ønskte for mykje merksemd. Alle skodespelarane, utanom John Belushi, prøvde å halde seg så langt unna han som mogeleg heile kvelden. Songane han spelte som gjest var «Dancin' Fool», «Meek» og «Rollo». Framføringa på SNL var truleg første gongen «Dancin' Fool» fekk merksemd i media.[5][6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"
A. «Dancin' Fool» - 3:45
B. «Baby Snakes» - 2:02[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]