Songen You Are What You Is

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
You Are What You Is
Singel av Frank Zappa
frå albumet You Are What You Is
B-side «Pink Napkins»
«Harder Than Your Husband»
«Soup 'N Old Clothes»
Utgjeve 1981
Innspelt 9. mai 1981
Sjanger Poprock, komedierock, progressiv rock
Lengd 4:23
Selskap Barking Pumpkin
Låtskrivar(ar) Frank Zappa
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi
«Harder Than Your Husband» (1980) You Are What You Is «Goblin Girl» (1981)


«You Are What You Is» er ein song av Frank Zappa frå albumet med same namn frå 1981. Songen vart gjeven ut som singel og er kjend for å bruke heile vegen gramatisk feil engelsk, som i hovudsakleg hånar resten av konteksten. Han vart gjeven ut som B-side for singelen «Valley Girl» i 1982. Songen vart òg miksa på ny for albumet Thing-Fish i 1984 [1]

Tyding[endre | endre wikiteksten]

Teksten handlar oppfordrar lyttaren til å vere seg sjølv og omfamne sin eigen kultur. Teksten fortel ei soge om to unge menn. Den første mannen er frå ein mellomklassefamilie som har eit flott liv, men han latar som om han kjem frå ein hard bakgrunn og syng blues for å vere meir mannleg. Han byrjar å så og ete som nokon som har gått gjennom eit hard liv og byrjar å snakke som rollefiguren Kingfish frå radioshowet Amos and Andy, som er kjend for å vere ein kraftig stereotypisk svart person. Dette er knytt til misnøya Zappa hadde med folk han oppfatta som posørar. Den andre mannen er «Of the negro persuasion, Devoted his life to become a caucasian.» (ein svart mann som prøver å verte ein kvit mann) Som den første mannen endrar han dietten sin. Soga hans er ein kommentar om afroamerikanarar som ikkje er stolte av kulturarva sine og prøver å følgje den kvite kulturen for å bli meir akseptert. Songen avsluttar med ei rekkje linjer om stereotypiske rasevitasar.[2]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

I 1984 vart Zappa tvungen til å lage ein musikkvideo for songen. Videoen vart ikkje så mykje vist fordi ein skodespelar, som likna på Ronald Reagan, sat id et som såg ut som ein elektrisk stol, medan han tok hårkrem i håret. Dette er den einaste konvensjonelle musikkvideoen Zappa laga. Teksten inneheld linja «I ain't no nigger no more», som truleg hadde ein effekt på kringkastinga. Videoen og musikken vart bannlyst av MTV, men han vart sendt i ein episode av Beavis and Butt-Head i 1993, som òg gjekk på MTV.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Acappella-gruppa The Persuasions song «You Are What You Is» på albumet Frankly a Cappella.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"

A. «You Are What You Is» - 4:22
B. «Pink Napkins» - 4:32[3]

12"

A1. «You Are What You Is» - 4:22
A2. «Pink Napkins» - 4:32
B1. «Harder Than You Husband» - 2:29
B2. «Soup 'N Old Clothes» - 7:50 [4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]