Cosmik Debris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cosmik Debris
av Frank Zappa
frå albumet Apostrophe (')
A-side

Don't Eat the Yellow Snow

Språk engelsk
Utgjeve 22. april 1974
Sjanger Komedierock, jazzrock
Lengd 4:10
Selskap DiscReet Records
Rykodisc
Komponist Frank Zappa
Låtskrivar(ar) Frank Zappa
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa singles-kronologi 
«I'm the Slime»
(1973)
Cosmik Debris «Don't Eat the Yellow Snow»
(1975)


«Cosmik Debris» er ein song frå 1974 av den amerikanske musikaren Frank ZappaApostrophe (').

Han omhandlar the Mystery Man, ein typisk guru eller synsk person, som hjelper forteljaren med å nå Nervanna [sic] for «nominal service charge». Forteljaren nektar å kjøpe det han meiner er tullet denne fyren driv med, «Look here, brother, who you jiving with that cosmik debris?» Når the Mystery Man pressar på fortel Zappa som forteljaren korleis han stel krystallkula, hypnotiserer the Mystery Man og stel tinga hans.[1]

Songen var populær på Dr. Demento Show i 1970-åra og på konsertane til Zappa, med ein minneverdig gitarsolo frå Zappa, og med George Duke på keyboard og Napoleon Murphy Brock på saksofon. Songen vart spelt av Dweezil Zappa Plays Zappa i 2010-åra. Songen vart gjeven ut som B-sida til singelen «Don't Eat the Yellow Snow».

Referansar til tidlegare Zappa-songar[endre | endre wikiteksten]

Zappa refererte ofte til sine eigne songar. «Cosmik Debris» deler teksten «Now is that a real poncho or is that a Sears poncho?» og nemner òg «the toads of the short forest» - som er to referansar til songen «Camarillo Brillo» frå det førre albumet «Over-Nite Sensation. Opphavleg var «Toads of the short forest» tittelen på ein song på The Mothers Of Invention-albumet Weasels Ripped My Flesh frå 1970. «The «dust of The Grand Wazoo» er òg nemnt i teksten og refererer til albumet Zappa gav ut i 1972.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"

A.«Cosmik Debris» - 4:10
B.«Uncle Remus» - 2:49

Kjelder[endre | endre wikiteksten]