Camarillo Brillo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Camarillo Brillo
Song av Frank Zappa and The Mothers
frå albumet Over-Nite Sensation
Utgjeve 7. september 1973
Innspelt mars - juni 1973
Sjanger Progressiv rock, komedierock
Lengd 3:59
Selskap DiscReet
Låtskrivar(ar) Frank Zappa
Produsent Frank Zappa

«Camarillo Brillo» er ein song av Frank Zappa and The Mothers frå albumet Over-Nite Sensation i 1972. Songteksten består av mange kvardagsuttrykk og oppdikta ord. Tittelen er i seg sjølv eit der Zappa uttaler Camarillo, namnet på ein by i California, feil for at det skal rime med Brillo, eit varenamn assosiert med serviettar. «Brio» er òg eit musikkuttrykk som tyder «kraft». Camarillo er òg namnet på eit mentalsjukehus i Sør-California, som vanlegvis vert uttalt slik Zappa syng det. Det er truleg at ein «Camarillo Brillo» er ein hårstil som liknar den ein mental pasient fekk for å kunne få elektrosjokkterapi. På italiensk tyder «Camarillo» «medlem av ein Camarilla (ein slags lobby), og Brillo tyder «full».[1]

«Camarillo Brillo» vert spelt i E-dur, sjølv om tonearten endrar seg til D-dur på refrenget. Det vert nytta blåseinstrument og mange perkusjonsteknikkar på songen. Han endar i eit kort coda spelt på piano. Det finst to versjonar av songen. Den første er langsamare og den andre er mykje kortare og raskare, som vart spelt seinare i karrieren til Zappa. Den kortare versjonen kan høyrast på You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 6. Årsaka til at songen vart spelt raskare var fordi Zappa byrja å keie seg med songen.

I 1975 vart «Muffin Man» innført i konsertrepertoaret til Zappa og «Camarillo Brillo» vart spelt som ein medley med denne. Dette kan ein høyre på fleire utgjevingar, som FZ:OZ, Halloween, You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 6 og i konsertfilmen Baby Snakes.[2] [3] Songen refererer til kvadrofoniske høgtalarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]