I'm the Slime

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I'm the Slime
Singel av Frank Zappa and The Mothers
frå albumet Over-Nite Sensation
B-side

«Montana»

Språk engelsk
Utgjeve 1973
Innspelt 1973
Sjanger Progressiv rock, funk
Lengd 3:02
Selskap Warner Bros.
Komponist Frank Zappa
Tekstforfattar Frank Zappa
Låtskrivar(ar) Frank Zappa
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi 
«Cletus Awreetus-Awrightus»
(1972)
I'm the Slime «Cosmik Debris»
(1974)


I'm the Slime er ein song frå 1973 av Frank Zappa and The Mothers frå albumet Over-Nite Sensation. Forskjellige konsertversjonar finst på Zappa in New York og You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 1 som var versjonen som vart framført same kvelden som det meste av Roxy and Elsewhere. «I'm the Slime» og B-sida «Montana» vart gjeven ut på samleplata Strictly Commercial. Han vart framført på konsertar frå 1973 til 1977 og 1984.[1]

Tekst og tyding[endre | endre wikiteksten]

Songen består av to delar; den første delen er ei rekkje gåter av fornærmingar i forma «what am I?»

«I am gross and perverted. I'm obsessed 'n deranged. I have existed for years, but very little had changed. I am the tool of the Government and industry too, for I am destined to rule and regulate you. I may be vile and pernicious, but you can't look away. I make you think I'm delicious, with the stuff that I say. I am the best you can get. Have you guessed me yet?»

Den andre delen diskuterer vonda med svaret på gåta, som er forskjellige ting som finst på fjernsyn.[1] I Mike Fitzwilliam-boka Woodstock Whitehouse - from God to greed songen vart sagt å vere eit samandrag av liberale amerikanarar, sjølv om dette ikkje var meininga med songen.[2]

Ike og Tina Turner[endre | endre wikiteksten]

Zappa leigde inn Tina Turner and the Ikettes for å synge korvokal på forskjellige songar på Over-Nite Sensation inkludert «I'm the Slime». Ike Turner insisterte på at Zaååa berre skulle betale the Ikettes 25 dollar per song, noko han motvillig gjekk med på. Etter å ha høyrt ein av innspelingane i studio, skal Ike ha sagt «Kva er denne skiten?» og seinare insistert på at Tina and the Ikettes ikkje skulle omtalast på albumet.[3]

Saturday Night Live[endre | endre wikiteksten]

Zappa framførte «I'm the Slime», og «Purple Lagoon» og «Peaches en Regalia» på den første av to gonger han var på Saturday Night Live. Programleiaren Don Pardo vart nytta under den andre delen av «I'm the Slime». Zappa skildra det som «høgdepunktet i [Don Pardos] karriere.» Pardo spelte i the Palladium i New York City i desember, 1976 på «I'm the Slime», og delar av «Punky's Whips» og «The Illinois Enema Bandit», som er gjeve ut på Zappa in New York.[4]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein versjon av songen vart spelt inn av Arjen Anthony Lucassen og broren Gjalt i 2012 for albumet Lost in the New Real. Lucassen erstatta “TV set” med “Internet” i versjonen sin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Couture, François. «I'm the Slime - Frank Zappa & the Mothers, Frank Zappa : Review». AllMusic. Henta 8. juni 2014. 
  2. Fitzwilliams, Mike (2010). Woodstock Whitehouse- From God to Greed. Xulon Press (via Google Books). s. 115. ISBN 978-1609574734. Henta 8. juni 2014. 
  3. Miles, Barry (2005). Zappa: A Biography. Grove Press (via Google Books). s. 232. ISBN 978-0802142153. Henta 8. juni 2014. 
  4. Alkyer, Frank (2009). DownBeat-the Great Jazz Interviews: A 75th Anniversary Anthology. Hal Leonard (via Google Books). s. 185. ISBN 978-1423463849. Henta 8. juni 2014.