Vågekval

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vågekval
Vågekval
Vågekval
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiinga av vågekval
Utbreiinga av vågekval
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Finnkvalfamilien Balaenopteridae
Slekt: Balaenoptera
Art: Vågekval B. acutorostrata
Vitskapleg namn
Balaenoptera acutorostrata

Vågekval, eller nordleg vågekval, Balaenoptera acutorostrata, er ein bardekval i finnkvalfamilien. Vågekvalen finst i så godt som alle hav, frå om lag 65 grader sør til 80 grader nord. Fram til 1990-talet rekna ein berre med éin art av vågekval. Frå 2000 har Den internasjonale kvalfangstkommisjonen definert sørleg vågekval, som lever på den sørlege halvkula, som ein eigen art, Balaenoptera bonaerensis. Om lag samstundes vart det klart at «dvergvågekvalen» på den sørlege halvkula var ein variant av Balaenoptera acutorostrata. Vågekvalen er den einaste arten det vert driven kommersiell kvalfangst på i Noreg. På 1950-talet vart det fanga over 4000 individ i året, men på 1980-talet vart fangsten heilt innstilt. I 1993 vart den kommersielle kvalfangsten i Noreg teken opp att.[1] Bestanden i norske farvatn er anslått til 107 000 dyr.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Vågekval