Vassflaggermus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vassflaggermus
Vassflaggermus
Vassflaggermus
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Vassflaggermus
Utbreiinga av Vassflaggermus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Flaggermus Chiroptera
Familie: Glattnasefamilien Vespertilionidae
Slekt: Myotis
Art: Vassflaggermus M. daubentonii
Vitskapleg namn
Myotis daubentonii

Vassflaggermus (Myotis daubentonii) er ei flaggermus i glattnasefamilien. Flaggermusa lever i Eurasia frå Portugal, Irland og Noreg i vest til Korea og Japan i aust. Ho er den einaste europeiske flaggermusa det har blitt registrert stadig stigande bestand av frå 1950-talet fram til i dag. Ho finn mat over vatn, anten fersk- eller saltvatn, hovudsakleg vassinsekt, t.d. fjærmygg. Kan også observerast jaktande i skog. Den veg 7-15 g og kroppslengda er 45-55 mm. Vengespennet er på 240-275 mm og underarmslengda er 35-42mm.

Under gamle steinbruer og i hole tre er vanlege plassar for sommarkoloniane, bygningar er mindre vanleg. Koloniane har som oftast titals par individ, men i Nederland er koloniar med nesten 180 flaggermus funne.

Arten er ikkje rekna som truga totalt, men populasjonar kan gå tilbake lokalt på grunn av redusert næringstilgang grunna dårlegare vasskvalitet eller forstyrring av kvilestader.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Utbreiingsområdet til vassflaggermusa

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vassflaggermus