Lappspissmus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lappspissmus
Lappspissmus
Lappspissmus
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av Lappspissmus
Utbreiinga av Lappspissmus
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Eulipotyphla
Familie: Spissmus Soricidae
Stamme: Soricini
Slekt: Sorex
Underslekt: Sorex
Art: Lappspissmus S. caecutiens
Vitskapleg namn
Sorex caecutiens

Lappspissmus, Sorex caecutiens, er eit pattedyr i spissmusfamilien. Ho lever i nordlege delar av Eurasia frå Noreg og Baltikum i vest til stillehavskysten og Japan i aust. Ho føretrekkjer skogområde i taigaen, men finst òg i tundralandskap. Fordi ho har eit lågare næringsinntak enn større spissmus, kan ho overleva i mindre fruktbare område.[2] Lappspissmusa vart ikkje påvist i Noreg før i 1964, men det viste seg då at tidlegare funn òg var av denne arten. Ho er funnen mest i Finnmark og Nord-Troms, men òg i fjellområde lenger sør.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av lappspissmus Sorex caecutiens for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 15. mars 2022. 
  2. IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
  3. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 15. mars 2022. Henta 15. mars 2022.