Trollflaggermus
Utsjånad
| Trollflaggermus | |
Trollflaggermus | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Status i Noreg: Utbreiinga av trollflaggermus | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Pattedyr Mammalia |
| Orden: | Flaggermus Chiroptera |
| Familie: | Glattnasefamilien Vespertilionidae |
| Slekt: | Pipistrellus |
| Underslekt: | Pipistrellus |
| Art: | Trollflaggermus P. nathusii |
| Vitskapleg namn | |
| Pipistrellus nathusii | |
Trollflaggermus (Pipistrellus nathusii) er ei flaggermus i glattnasefamilien. Flaggermusa lever over det meste av Europa, frå Storbritannia i vest til Kaspihavet i aust og nord til Sør-Skandinavia.[2] I Finland vart arten for første gong registrert i 2006.[3] I Noreg er arten kjend frå nokre funn på Vestlandet og Sørlandet. Trollflaggermusa har til og med vore observert langt til havs på Trollfeltet.[4] Han er ein av dei flaggermusartane i Europa som trekkjer lengst, og den norske bestanden er neppe i Noreg om vinteren. Kor mange trollflaggermus som finst i Noreg, er vanskeleg å fastslå.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av trollflaggermus Pipistrellus nathusii for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 10. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022.
- ↑ Paunović, M. & Juste, J. 2016. Pipistrellus nathusii. The IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T20184A115156920. Henta 21. juni 2022
- ↑ «Fant trollflaggermus på Troll», e24.no (på norsk bokmål), henta 10. oktober 2021