Knøttspissmus
Utsjånad
| Knøttspissmus | |
Knøttspissmus | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Status i Noreg: Utbreiinga av knøttspissmus | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Pattedyr Mammalia |
| Orden: | Eulipotyphla |
| Familie: | Spissmus Soricidae |
| Slekt: | Sorex |
| Art: | Knøttspissmus S. minutissimus |
| Vitskapleg namn | |
| Sorex minutissimus | |
Knøttspissmus (Sorex minutissimus) er eit pattedyr i spissmusfamilien, og det minste pattedyret i Noreg. Ho veg opp til fire gram og har ein fire centimeter lang kropp med ein to-tre centimeter lang hale. Ho lever i nordlege delar av Eurasia frå Noreg i vest[2] til den russiske stillehavskysten og Japan i aust[3] Det er uvisst kor stor og utbreidd bestanden i Noreg eigentleg er, då knøttspissmusa er vanskeleg å fanga og lett å oversjå. Ho føretrekkjer våt granskog med mykje mose, men kan òg finnast i myr og i tørr furuskog. Ho er insektetar og kan eta to til fem gonger kroppsvekta si på eit døgn. Ungane blir fødd i mai-august med opp til sju ungar i kvart kull.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
- Referansar
- ↑ Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av knøttspissmus Sorex minutissimus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 15. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 15. mars 2022. Henta 15. mars 2022.
- 1 2 IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) knøttspissmus hos Artsdatabanken
- (en) knøttspissmus i Catalogue of Life
- (en) knøttspissmus i Encyclopedia of Life
- (en) knøttspissmus i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) knøttspissmus hos Dyntaxa
- (en) knøttspissmus hos Fauna Europaea
- (en) knøttspissmus hos ITIS
- (en) knøttspissmus hos NCBI
- (en) Kategori:Sorex minutissimus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Sorex minutissimus – detaljert informasjon på Wikispecies