Nebbkval
| Nebbkval | |
Nebbkval | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Status i Noreg: Utbreiinga av nebbkval | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Pattedyr Mammalia |
| Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
| Familie: | Nebbkvalfamilien Ziphiidae |
| Slekt: | Hyperoodon |
| Art: | Nebbkval H. ampullatus |
| Vitskapleg namn | |
| Hyperoodon ampullatus | |
Nebbkval (Hyperoodon ampullatus) er ein tannkval i spisskvalfamilien. Han er nært i slekt med sørnebbkvalen, som lever på den sørlege halvkula, men denne vert rekna som ein eigen art. Nebbkvalen lever i Nord-Atlanterhavet, både på amerikansk og europeisk side. I europeiske farvatn lever han frå Gibraltar i sør til Svalbard i nord. Han fyller ei snever nisje i økosystemet, ved å leva hovudsakleg av blekksprut av slekta Gonatus. Han fangar maten sin hovudsakleg nær havbotnen, på djupner heilt ned til 1400 meter.[1] Det vart drive kommersiell kvalfanst på nebbkvalen frå 1850-åra til 1970-åra. 80 000 individ vart fanga totalt.[2] Det meste av fangsten på arten vart driven frå Noreg, men Noreg avslutta denne fangsten i 1973.[1] Bestanden i norske farvatn har teke seg opp att etter fredninga, men har truleg endå ikkje nådd nivået frå før fangsten tok til.[2]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
- 1 2 Artsdatabanken.no
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) nebbkval hos Artsdatabanken
- (en) nebbkval – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) nebbkval i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) nebbkval hos Dyntaxa
- (en) nebbkval hos Fossilworks
- (en) nebbkval hos ITIS
- (en) nebbkval hos NCBI
- (en) Kategori:Hyperoodon ampullatus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Hyperoodon ampullatus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Hyperoodon ampullatus – detaljert informasjon på Wikispecies