Finnkval
| Finnkval | |
![]() Finnkval | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Status i Noreg: Utbreiinga av finnkval | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Pattedyr Mammalia |
| Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
| Familie: | Finnkvalfamilien Balaenopteridae |
| Slekt: | Balaenoptera |
| Art: | Finnkval B. physalus |
| Vitskapleg namn | |
| Balaenoptera physalus | |
Finnkval, tuvekval eller langarm, Balaenoptera physalus, er ein bardekval i finnkvalfamilien. Finnkvalen finst i alle verdshava, men er sjeldan i tropiske farvatn. Det vert somme tider skrive at han, i motsetning til andre store bardekvalar, et mykje fisk, men forskinga viser at også finnkvalen i all hovudsak lever av krill, sjølv om han også kan eta fisk.
Finnkvalen var truleg for vanskeleg å fanga før den moderne kvalfangsten med moderne harpunkanoner tok til. På 1900-talet vart bestanden sterkt redusert over heile verda. Det vert no driven ein viss fangst av finnkval på Grønland og Island, og Japan har planar om å starta fangst på finnkval i antarktiske farvatn.[1] I norske farvatn er bestanden om lag 5400 dyr, og er i vekst mot nivået han låg på før fangsten begynte.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) finnkval hos Artsdatabanken
- (en) finnkval – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) finnkval i Catalogue of Life
- (en) finnkval i Encyclopedia of Life
- (en) finnkval i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) finnkval hos Dyntaxa
- (en) finnkval hos Fossilworks
- (en) finnkval hos ITIS
- (en) finnkval hos NCBI
- (en) Kategori:Balaenoptera physalus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Balaenoptera physalus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
