Skjeggflaggermus
Hopp til navigering
Hopp til søk
Skjeggflaggermus | |
![]() Skjeggflaggermus | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() Status i Noreg: Datamangel ![]() Utbreiinga av skjeggflaggermus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Flaggermus Chiroptera |
Familie: | Glattnasefamilien Vespertilionidae |
Slekt: | Myotis |
Art: | Skjeggflaggermus M. mystacinus |
Vitskapleg namn | |
Myotis mystacinus |
Skjeggflaggermus (Myotis mystacinus) er ei flaggermus i glattnasefamilien. Flaggermusa lever i Vest-Europa nord til Sør-Noreg, aust til Uralfjella og sør til Middelhavet, med ein bestand også i Marokko. Ho lever i mange ulike landskapsområde, men er meir tilbøyeleg til å leva i hus enn i skogområde og er vanleg i parkar og hagar.[1] Ho er vanskeleg å skilja frå skogflaggermus, umogleg utan å fanga ho. Det er difor gjort relativt få sikre funn av arten i Noreg. I Sverige og Danmark reknar ein med at skjeggflaggermusa er i sterk tilbakegang, men det er uvisst om dette også er tilfellet i Noreg.[2]