You're My Best Friend

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
You're My Best Friend
Singel av Queen
frå albumet A Night at the Opera
B-side

'39

Utgjeve 18. mai 1976
Innspelt 1975
Sjanger Poprock[1]
Lengd 2:52
Selskap EMI (UK), Elektra (US)
Komponist John Deacon
Tekstforfattar John Deacon
Låtskrivar(ar) John Deacon
Produsent Roy Thomas Baker og Queen
Queen-kronologi 
«Bohemian Rhapsody»
(1975)
You're My Best Friend «Somebody to Love»
(1976)


«You're My Best Friend» er ein song av det britiske rockebandet Queen, skriven av bassgitaristen John Deacon. Han var opphavleg gjeven ut på A Night at the Opera i 1975, og seinare som ein eigen singel. I USA klatra «You're My Best Friend» til ein sekstande plass på singellista.[2] Songen finst òg på konsertalbumet Live Killers (1979) og på samlealbuma Greatest Hits (1981), Absolute Greatest (2009) og Queen Forever (2014).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Deacon skreiv songen for kona si, Veronica Tetzlaff. I songen spelar han eit Wurlitzer elektrisk piano i tillegg til å spele bass.[3] Det karakteristiske «bjeffet» frå bassnotane til wurlitzeren er markant i songen. Under konsertversjonane av songen spelte Freddie Mercury flygel i staden for elektrisk piano på songen, medan Deacon berre spelte bassgitar.

Songen vart nytta som bakgrunnsmusikk i fleire fjernsynsseriar, som Hot in Cleveland, EastEnders, My Name is Earl, The King of Queens og The Simpsons.[4] Han vart òg nytta under rulleteksten til komedien Shaun of the Dead i 2004.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen var regissert av Bruce Gowers, og syner bandet i ein enorm ballsal omgjeve av over tusen stearinlys, inkludert i ei enorm lysekrone.[5] Videoen vart filma i april 1976[5] i Elstree Studios i London. Her kan ein sjå Deacon spele flygel i staden for det elektriske pianoet han brukte på innspelinga.[6]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Land Plassering
Australia 35
Canada[7] 2
Japan 90
Nederland 9
Storbritannia[8] 7
USA (Billboard) 16
USA (Cash Box)[9] 9

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Land (1976) Plassering
Australia[10] 101
Canada[11] 44
UK[12] 97
US[13] 83

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]