Åsa Jinder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Åsa Jinder (fødd 9. oktober 1963) er svensk riksspelman, nyckelharpespelar og komponist.

I 1979 vart Åsa Jinder den yngste riksspelmannen gjennom tidene. Året etter debuterte ho med LPen Åsa Jinder spelar nyckelharpa. I 1995 vann Åsa Jinder, saman med den norske gruppa Secret Garden, Eurovision Song Contest i Dublin med songen «Nocturne». Ho har saman med Susanne Alfvengren og Marianne Flynner skrive ein kamplåt til det svenske fotballandslaget og ho har også gjeve ut ein roman: Kärlek störst av allt, smärtsammast.

Frå 1994 har Åsa Jinder vore politisk aktiv i det svenske partiet Socialdemokraterna.

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk