Arnold Corns

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arnold Corns var eit band danna av David Bowie i 1971. Namnet var inspirert av Pink Floyd-songen «Arnold Layne».

Dette var eit av sideprosjekta til Bowie og eit slags test for Ziggy Stardust. Bandet vart danna i Dulwich College og Bowie gjekk med på å skrive songar for dei. Samstundes gjekk han med å skrive for den 19 år gamle kjoledesigneren Freddie Burretti (òg kjend som Rudi Valentino). Bowie kom på ideen å kombinere Burretti og Arnold Corns, og med hjelp av Mick Ronson, Mick Woodmansey og Trevor Bolder, vart ei ny utgåve av Arnold Corns starta våren 1971. Bowie skreiv songar som seinare skulle verte Hunky Dory, samt songar øyremerka for Burretti. Burretti som frontmann var totalt fabrikert og bidraga hans forsvann ved sidan av Bowie.

Den første singelen til bandet var «Moonage Daydream» med B-sida «Hang on to Yourself», som kom ut på B&C Records den 7. mai 1971 og vart ein flopp. Begge desse songane vart spelte inn på ny for albumet Ziggy Stardust i nye versjonar med oppdaterte tekstar. Arnold Corns-versjonane kom ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av The Man Who Sold the World.

Ein andre singel, «Looking for a Friend»[1]/ «Man in the Middle» (vokal av Valentino) vart planlagt, men forkasta. Han vart til slutt gjeven ut av Krazy Kat i 1984). I 1972 gav B&C «Hang on to Yourself»/«Man in the Middle» som den andre singelen.

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]