Hang on to Yourself
| Hang Onto Yourself Singel av Arnold Corns |
||
| B-side | «Moonage Daydream» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | April 1971 | |
| Innspelt | 17. juni 1971, Radio Luxembourg studios | |
| Sjanger | Glamrock, protopunk | |
| Lengd | 2:51 | |
| Selskap | B&C Records | |
| Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
| Produsent | Ken Scott | |
| Hang On to Yourself av David Bowie frå albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars |
||
| Utgjeve | 6. juni 1972 | |
| Innspelt | 1972 | |
| Sjanger | Glamrock | |
| Lengd | 2:38 | |
| Selskap | RCA | |
| Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
|---|---|---|
| Produsent | David Bowie og Ken Scott | |
«Hang On to Yourself» er ein song skriven av David Bowie i 1971 og gjeven ut som singel under namnet Arnold Corns. Ei ny-innspeling av songen vart gjeven ut på albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars. Hovudriffet er ganske representativt for glamrock-påverknaden som ei lenkje mellom rock and roll frå fortida og punk i (då) framtida. Han er i liknande stil som Eddie Cochran, me har likevel den særeigne stilen som skulle nyttast i mange punksongar.
Innhaldsliste |
[endre] Arnold Corns-versjonen
|
Well the bitter comes out better on a stolen guitar David Bowie (1972)
|
Denne versjonen vart spelt inn i Radio Luxembourg studio den 17. juni 1971. Arnold Corns-versjonen av «Hang Onto Yourself» vart først gjeven ut av B&C som B-side til singelen «Moonage Daydream» i Storbritannia i april 1971. I september 1971 vart han gjeven ut på ny, denne gongen som A-side med B-sida «The Man in the Middle».
[endre] Medverkande
- David Bowie – vokal
- Freddi Buretti – vokal
- Mick Ronson – sologitar
- Mark Carr Pritchard: gitar
- Trevor Bolder – bassgitar
- Mick «Woody» Woodmansey – trommer
Den offisielle besetninga i bandet, fronta av kjoledesigneren Freddi Buretti, var fabrikert. Buretti deltok på innspelinga, men bidraga hans drukna ved sidan av Bowie.
Denne versjonen vart gjeven ut som bonusspor på Rykodisc/EMI-utgåva av The Man Who Sold the World i 1990. I 2002 vart Arnold Corns-versjonen gjeven ut på bonusdisken på Ziggy Stardust 30th 2CD Anniversary Reissue.
[endre] Andre utgjevingar
- Han vart gjeven ut som B-side til singelen «John, I'm Only Dancing» i september 1972.
- Han vart gjeven ut som B-side til singelen «Looking for a Friend» i mai 1985.
- Den portugisiske versjonen av singelen «Starman» frå september 1972 hadde òg «Hang On to Yourself» som B-side.
- I november 1972 vart han gjeven ut som B-sida til den amerikanske utgjevinga av singelen «The Jean Genie».
- Han vart gjeven ut som ein biletdisk i RCA Life Time-biletdiskserie.
- Han finst òg på den japanske samleplata The Best of David Bowie (1974).
[endre] Konsertversjonar
- Bowie spelte inn songen for BBC-radioprogrammet Sounds of the 70s Bob Harris 8. januar 1972. Dette vart sendt 7. februar 1972. Den 16. mai 1972 spelte Bowie igjen songen på Sounds of the 70s: John Peel, og dette vart sendt den 23. mai 1972. Begge desse versjonane vart gjevne ut på Bowie at the Beeb i 2000.
- Eit konsertopptak frå Santa Monica Civic Auditorium den 20. oktober 1972 vart gjeven ut på Santa Monica '72. Denne versjonen finst òg på den japanske samleplata RarestOneBowie og på den offisielle 2008-utgåva av konserten som Live Santa Monica '72.
- Versjonen spelt inn på den kjende «farvellkonserten» i Hammersmith Odeon i London den 3. juli 1973, vart gjeven ut på Ziggy Stardust: The Motion Picture.
- Eit konsertopptak frå Heroes-turneen i 1978 vart spelt inn i Philadelphia Spectrum, den 28. april 1978 og gjeven ut på Stage.
[endre] Andre versjonar
- Of Montreal - Live i 2009
- The Pocket FishRMen - Only Bowie
- Melvin James - David Bowie Acoustic Tribute
- Kommunity FK - Tribute to David Bowie
- Mutant Monster Beach Party - Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007)
- Techno Cowboy - "The Ziggy Stardust Omnichord Album" (2009)