Maggie's Farm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Maggie's Farm»
Singel av Bob Dylan
frå albumet Bringing It All Back Home
Utgjeve 1965
Innspelt Columbia Recording Studios i New York City, 15. januar 1965
Sjanger Blues, folkrock
Lengd 3:56
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Tom Wilson
Bob Dylan-kronologi
«Subterranean Homesick Blues»
(1965)
«Maggie's Farm» «Like a Rolling Stone»
(1965)

«Maggie's Farm» er ein song skriven av Bob Dylan og spelt inn 15. januar 1965 og gjeven ut på albumet Bringing It All Back Home den 22. mars same år. Som mange andre Dylan-songar i perioden 1965-1966 er songen ein elektrisk blues.

Teksten[endre | endre wikiteksten]

I ain't gonna work on Maggie's farm no more.
No, I ain't gonna work on Maggie's farm no more.

Bob Dylan

Songteksten følgjer ein standard bluesstruktur der opningslinja i kvart vers vert sunge to gonger, og så igjen på slutten av verset. Den tredje til femte linja i kvart vers forklarer meir om det som vert sunge i den første linja.

«Maggie's Farm» kan sjåast på som ei erklæring om at Dylan no var heilt sjølvstendig frå protest- og visesongrørsla[1]. Songen er i røynda ein protestsong mot protestfolk, og representerer overgangen til Dylan frå visesongar som søkte dei ekte tradisjonelle songformene og aktivisme til ein meir innovativ stil der sjølvgranskinga hans gjorde han til ein kulturell inspirasjonskjelde for ein heil generasjon.

Newport Folk Festival i 1965[endre | endre wikiteksten]

«Maggie's Farm» er kjend som den sentrale songen i alt som hende då Dylan spelte eit elektrisk sett på Newport Folk Festival i 1965. «Maggie's Farm» var langt raskare og meir aggressiv enn på albumutgåva med ein tydeleg elektrisk gitar av Mike Bloomfield. Produksjonsleiaren på festivalen, Joe Boyd, hevda at «den første tonen på 'Maggie's Farm' var det høgaste nokon hadde høyrt nokon gong». Det er framleis ikkje sikkert kva som var den største kontroversen under konserten. Enkelte har hevda at det var at Dylan gjekk bort frå den akustiske stilen, men dei fleste historier går ut på at lyden var så dårleg. Ein kunne ikkje høyre vokalen til Dylan i det heile. I tillegg så spelte han berre 15 minutt, og var høgdepunktet på festivalen, medan dei andre artistane spelte 45-60 minutt. Organisten til Dylan, Al Kooper, hevda dette var årsaka til at folk bua.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

«Maggie's Farm» har vorte spelt av mange andre band, mellom andre The Residents, The Blues Band, Uncle Tupelo, U2, the Grateful Dead, The Specials, Richie Havens, Tin Machine, Rage Against the Machine og Stephen Malkmus

Populærkultur[endre | endre wikiteksten]

  • Beastie Boys-songen «Johnny Ryall» har tekstlinja «Washing windows on the Bowery at a quarter to four, 'Cause he ain't gonna' work on Maggie's farm no more.» [2]
  • Placebo-songen «Slave to the Wage» har tekstlinja «Sick and tired of Maggie's farm. She's a bitch, with broken arms, to wave your worries og cares, goodbye»".
  • !!!-songen «Shit Scheisse Merde, Pt. 1» har tekstlinja «I try my very best, to be just like I am, but everybody wants me to be like Zimmerman», ein referanse til «Maggie's Farm».
  • Peter Mulvey-songen «Rapture» har tekstlinja «Guess we're all gonna work on Maggie's farm for a little while longer now, Not tell anyone what we have inside to give.»
  • «Looking for a Rainbow» av Chris Rea har tekstlinja «Yeh we're Maggie's little children; and we're looking for Maggie's farm.»
  • I 1980-åra vart «Maggie's Farm» nytta som temasong for motstandarande til den britiske statsministeren Margaret Thatcher. Av songar der «Maggie's Farm» vert nytta mot Thatcher finn ein:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]