Juledekorasjon
Juledekorasjon eller juleutstilling er ei oppstilling eller arrangement av ulike pynteelement i samband med jul. Slike utstillingar kan finnast på fleire ulike stader og ha mange føremål, som å skapa julestemning,[1] trekka til seg folk,[2] knyta saman lokalsamfunn, visa fram rikdom, samla inn pengar til veldedige føremål[3] eller selja varer.
Juledekorasjonar kan innehalda ulike former for eller framstillingar av julepynt, juletre, blomar og grønt, levande eller elektriske lys,[2] julefigurar, vintereffektar som pyntesnø og diverse andre element som kan minna om jul, lys eller vinter.
Det er vanleg å laga juledekorasjonar i heimar, institusjonar, offentlege stader og ulike verksemder som butikkar, stormagasin og kjøpesenter. Ein kan setja opp juledekorasjonar i oktober, november[4] eller desember. Dei blir gjerne tekne ned ein gong i januar.[3] Større dekorasjonar kan ha ei offisiell opning utført av til dømes ein kjendis, politikar eller annan lokal person.
Julekrybber
[endre | endre wikiteksten]Julekrybber er utstillingar med figurar frå juleevangeliet og ulike tilleggsfigurar. Julekrybber eller presepio blei utbreidde i Italia på 1500-talet, og utvikla seg frå enkle framstillingar av Jesusbarnet i ei krybbe med to dyr rundt til rike tablå av figurar og bygningar tilknytt den bibelske forteljinga og sitt eige nærmiljø.[5] Julekrybbene blei opphavleg sette opp i kyrkjer nær altaret, men blei seinare attraksjonar i husa til framståande adelsfolk.[6] Det finst i dag ei rekkje ulike variasjonar over krybbene, som Weihnachtsberg (julefjell) frå Tyskland og Tsjekkia, papirový betlém eller 'papirkrybber' frå Tsjekkia, szopka frå særleg Kraków i Polen, og caganer-tradisjonen frå Catalonia.[7]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Chris Tighe; Andrea Felsted (21. desember 2012), «Retailers fight online trend with fairy lights», Financial Times
- ↑ 2,0 2,1 Northern Lights Christmas attraction: Norwich tunnel of light, BBC News, 26. november 2016
- ↑ 3,0 3,1 Featherstone house in final charity Christmas light display, BBC News, 19. desember 2014
- ↑ Heidi Venæs, Raymond har pyntet huset med 400.000 julelys, TV2
- ↑ D'Aponte 1977, s. 50-51.
- ↑ Raggio 1965, s. 151.
- ↑ Sarah Rainsford (23. desember 2010), A traditional Nativity scene, Catalan-style, BBC News
- D'Aponte, Mimi Gisolfi (1977), «Presepi: A Neapolitan Christmas Ritual», Performing Arts Journal (Performing Arts Journal, Inc) 2: 49–60, henta 3. desember 2016
- Raggio, Olga (1965), «A Neapolitan Christmas Crib», The Metropolitan Museum of Art Bulletin (The Metropolitan Museum of Art) 24: 151–158, henta 3. desember 2016
- Bibliografi
- Janne Solemsløkk og Camilla Kilnes, «Kårer byens vakreste juleutstilling» Arkivert 2011-01-15 ved Wayback Machine. (22.11.2010) ved adressa.no
- Lars Anders Vestad, «- Vi er gale etter jul hele gjengen» (29.10 2012) ved rbnett.no
- «Guide: JUL i Danmark»[daud lenkje] ved visit-denmark.dk
- «Vinnere av konkurransen Åmots beste juleutstilling»[daud lenkje], amot.kommune.no
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter «juledekorasjon»[daud lenkje] ved europeana.eu