Julestrømpe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Julestrømpar i USA rundt 1907.
Julestrømper med gåver.

Julestrømpe er ei større strømpe eller sokkeforma pose, av og til med julemotiv, som blir brukt til jul til å pynta og gje julegåver. Ho blir som regel nytta til å gje gåver til barn, som gjerne også får julegåver under juletreet.

Julestrømpa er ein gåvetradisjon frå anglosfæren som blei spreidd til Skandinavia på 1900-talet.[1]

Ein kan kjøpa ferdige julestrømper i butikk, eller laga dei sjølv. Dei kan vera dekorerte med julemotiv, og nokre gonger vera merka med namnet til mottakaren.

Tradisjon i engelsktalande land[endre | endre wikiteksten]

julaftankvelden heng borna opp kvar si julestrømpe over peisen eller ved senga. Når julenissen etter tradisjonen kjem ned gjennom pipa tidleg på juledagsmorgonen legg han små julegåver i strømpene, som borna får ta del av når dei vaknar på morgonen. Desse gåvene kan bestå av små leiketøy, godteri, frukt eller pengar. Som med andre julegåver skal dei etter tradisjonen berre gå til born som har vore snille året før. Om dei ikkje har vore snille kan dei i staden få eit stykke kol i strømpa. Dette skjer i røynda svært sjeldan.

Tradisjonen med julestrømper finst òg i andre land og kan ha visse variasjonar. I Tyskland og Norden, der julegåveopninga skjer på julaftan, kan ein henga opp julestrømper på vesle julaftan og opna på julaftan morgon. Det finst også adventskalendrar der lukene er erstatta av små julestrømper.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Julafton». Nordiska museet. Henta 27 december 2016.