Slaget ved Vélez-Málaga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om slaget i 1704. For slaget i 1937, sjå slaget ved Málaga.
Slaget ved Málaga
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Battle of Malaga, 1704.jpg
Slaget ved Malaga av Isaac Sailmaker. Olje på lerret, 1704.
Dato 24. august 1704
Stad nær Málaga i Spania
Resultat Uavgjort; engelsk-nederlandsk strategisk siger
Partar
Royal Standard of the Kingdom of France.svg Frankrike[1]
Bandera de España 1701-1760.svg Spania
Flag of England.svg England
Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Kommandantar
Comte de Toulouse

Victor-Marie d'Estrées

George Rooke
Styrkar
50 krigsskip
6 fregattar
(3577 kanonar)
24 275 mann
53 linjeskip
6 fregattar
7 brannskip
28 galeiar
(3614 kanonar)
22 543 mann
Tap
1600 døde eller skadde 2700 døde eller skadde

Slaget ved Málaga (eller Vélez-Málaga) var det største sjøslaget i den spanske arvefølgjekrigen. Det fann stad den 24. august 1704, sør for Málaga i Spania.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Mindre enn ei veke etter erobringa av Gibraltar, fekk admiral George Rooke melding om at ein fransk flåte under Toulouse og d'Estrées var på veg mot Gibraltar. Han forlet halvparten av marinesoldatane sine for å forsvare Gibraltar og sette av stad med den samle engelsk-nederlandske flåten sin for møte franskmennene.

Utfallet av slaget som følgde, slaget ved Vélez-Málaga, var uavgjort. Ikkje eit einaste fartøy vart søkkt eller kapra på nokon av sidene, men bombardementa førte til at mange skip berre så vidt var sjødyktige og mange mann gjekk tapt på begge sider. Sidan franskmennene og britane møtte kvarandre to dagar seinare, den 26. august, valte dei til slutt å ikkje gå til strid mot kvarandre. Sidan britane hadde langt høgare tap og fleire øydelagde skip, særleg mastene, tolka franskmennene varsemda til britane som ein generell siger. Skvadronen til Byng, hadde nytta så mykje ammunisjon i det tidlegare bombardementet av Gibraltar, at dei måtte gå ut av linja.

Franskmennene vendte attende til Toulon og gjorde krav på sigeren. Men ved å trekkje seg attende til Toulon vendte franskmennene i røynda det som hadde vore eit taktisk dødpunkt til ein strategisk siger for den engelsk-nederlandske flåten, fordi etter slaget ved Vélez-Málaga kom ikkje den franske marinen ut att frå Toulon i full styrke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. George Ripley, Charles Anderson Dana, The American Cyclopaedia, New York, 1874, s. 250