Slaget ved Villaviciosa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Villaviciosa
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Vendome-and-PhilipV.jpg
Vendôme og Filip V av Spania i Villaviciosa av Jean Alaux.
Dato 10. desember 1710
Stad Villaviciosa de Tajuña, Guadalajara i Spania
Resultat Avgjerande siger for Filip V av Spania[1]
Partar
Flagget til Spania Bourbon-Spania
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike
Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Det tysk-romerske riket
Estandarte de Carlos III.svg Habsburg-Spania
Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Flagget til Portugal Kongedømet Portugal
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Kommandantar
Filip V av Spania
Hertugen av Vendôme
Greven av Aguilar
Marquis of Valdecañas
Guido Starhemberg
Von Frankemberg
Antoni de Villarroel
Count of Atalaya
Styrkar
20 000 (hovudsakleg spanske soldatar)[1] 14 000 (hovudsakleg tyske soldatar)[1]
Tap
2 000–3 000 døde eller skadde 2 000–3 000 døde eller skadde

Slaget ved Villaviciosa fann stad den 10. desember 1710 mellom ein fransk-spansk arme leia av Louis Joseph, hertugen av Vendôme og Filip V av Spania[2][3] og ein habsburg-alliert arme kommandert av austerrikaren Guido Starhemberg under den spanske arvefølgjekrigen,[4] ein dag etter den avgjerande fransk-spanske sigeren i Brihuega mot ein britisk arme under James Stanhope.[1][5] Filip V og erkehertug Karl gjorde begge krav på sigeren, men talet på døde og skadde, og artilleriet og andre våpen som vart etterlaten av den allierte armeen, samt den strategiske konsekvensen for krigen, stadfesta at det var ein avgjerande siger for Filip V av Spania.[6]

Slaget vart i stor grad avgjort av den avgjerande rolla til dei spanske kavaleriskvadronane og dragonane kommandert av markien av Valdecañas og greven av Aguilar,[7] som var langt fleire enn den fiendtlege armeen sine.[6] Til slutt måtte den austerrikske generalen trekkje seg og vart stadig forstyrra av det spanske kavaleriet under tilbaketrekkinga.[6][7] Armeen hans var redusert til 6 000 eller 7 000 mann[6] då han nådde Barcelona den 6. januar, nesten den einaste staden i Spania der Karl framleis hadde kontroll.[6]

Opptak[endre | endre wikiteksten]

Etter sigrane i slaget ved Almenara (27. juli) og slaget ved Saragossa (20. august) erobra dei allierte som støtta erkehertug Charles Madrid ein andre gong, og den 21. september gjekk erkehertug Karl sjølv inn i Madrid. Invasjonen i 1710 vart ein repetisjon av invasjonen i 1706. 23 000 mann frå den allierte armeen vart redusert av kamphandlingane i Almenara og Saragossa og i konstante småtrefningar med den spansk-bourbonske militsen.[4]

Stillinga til dei allierte i Madrid var farleg. Den 9. november evakuerte dei byen og byrja å trekkje seg attende til Catalonia, tett forfølgd av det spanske kavaleriet til markien av Valdecañas.[4] Erkehertugen forlet armeen med 2 000 kavaleristar og skunda seg attende til Barcelona. Resten av armeen marsjerte i to avdelingar. General Guido Starhemberg med hovudarmeen på 12 000 mann var ein dagsmarsj før dei britiske soldatane på 5 000 mann under Lord Stanhope. Den britiske styrken vart overraska og slått i Brihuega[5] den 9. desember 1710. Dei britiske soldatane vart tekne til fange, inkludert Stanhope, og dei overgav seg.[5]

Då general Starhemberg fekk høyre om åtaket på den britiske armeen, flytta han soldatane sine for å hjelpe Stanhope, uvitande om at han hadde kapitulert.[4] Morgonen dagen etter, den 10. desember, låg den fransk-spanske armeen i vent på han på sletta ved Villaviciosa.[4] Den austerrikske generalen hadde 14 000 soldatar å stille opp mot hertugen av Vendome sine 20 000 soldatar, mellom dei kong Filip V av Spania sjølv,[4] og andre soldatar som hadde slutta seg til hertugen denne morgonen.[4] Begge armeane grupperte seg i to rekkjer, som var vanleg på denne tida, på to parallelle høgder.[4]

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Slaget byrja på ettermiddagen og vart til midnatt. Begge armane hadde like mykje artilleri, 23 kanonar kvar,[8] og dei var sett i stilling på same vis, i tre batteri. Elden frå artilleria byrja samstundes og begge armane tok imot skade.[6][8] Markien av Valdecañas under kommando av kavleriet på den spanske høgreflanken, byrja åtaket, der han kong Filip V var med. Han sendte kavaleriet sitt mot venstreflanken til fienden, som bestod av eit tysk infanteri og eit spansk-portugisiske kavaleri under general von Frankemberg.[6] Det tyske infanteriet, med støtte frå det portugisiske kavaleriet, prøvde å stoppe det bourbonske åtaket, men gav til slutt etter, og venstreflanken vart heilt fjerna.[6] Spanjolane tok artilleriet og massakrerte dei anglonederlanske soldatane som var sendt i støtte til venstreflanken.[6][7] Utan den allierte venstreflanken, rykte infanteriet til erkehertugen framover mot senteret til den fransk-spanske armeen og dreiv dei attende. Mariken av Toy prøvde å hindre tapet av senteret og ei oppdeling av armeen, men dei fleste vart tekne til fangar av dei portugisiske soldatane.[6]

Medan det bourbonske senteret var i alvorleg trøbbel, kasta greven av Aguilar inn kavaleriet mot høgreflanken til erkehertugen, kommandert av general Starhemberg sjølv. Det var ikkje mogeleg å stoppe åtaket og dei allierte klarte ikkje å demme opp for kavaleriet til greven av Aguilar.[6][7] Høgreflanken til erkehertugen vart redda frå totalslakt av støtta frå det allierte senteret, leia av den spanske generalen Villarroel.[6] General Starhemberg omgrupperte og omorganisere styrkane og klarte til slutt å drive bort kavaleriet til greven av Aguilar, og gjekk til åtak mot venstreflanken til Bourbon. Dei allierte to kanonane på venstresida og førte så armeen i eit nytt åtak mot senteret.[6]

Det bourbonske senteret og venstreflanken byrja å trekkje seg attende og kavaleriet på høgreflanken var oppteken med å følgje etter fienden på den allierte venstreflanken.[7] Greven av Aguilar gjekk så til åtak med kavaleriet og dragonane sine mot høgreflanken til erkehertugen. Det tyske og portugisiske kavaleriet under greven av Atalaya, stod imot det første åtaket, men til slutt klarte kavaleriet til Aguilar å bryte linjene på høgreflanken til fienden.[6][7] Samstundes nådde kavaleriet til Valdecañas fram og påførte den allierte armeen eit alvorleg slag, og generalløytnant Mahony og feltmarskalk Amezaga gjekk til åtak frå høgeflanken. Åtaket til Mahony og Amezaga gjorde ikkje inntrykk på general Starhemberg som sendte tre kavaleriåtak mot dei.[6] I kampane vart feltmarskalk Amezaga skadd i andletet. Til slutt måtte styrkane til Starhemberg trekkje seg attende til ein nærliggande skog for å kome seg unna det fransk-spanske kavaleriet, og dei allierte styrkane byrja å trekkje seg attende i ly av mørket.[6]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Battle of Villaviciosa» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mai 2011.
  • Kamen, Henry. Felipe V, el Rey que reinó dos veces. Ediciones Temas de Hoy S.A. Colección: Historia. Madrid. 2000.
  • Mckay, Derek. The Rise of the Great Powers (1648-1815). New York: Longman. (1983) ISBN 0582485541.
  • Albi, Julio. La Caballería Española. Un Eco de Clarines. Tabapress S.A. Madrid. (1992).
  • Stanhope, Philip Henry. History of the War of the Succession in Spain. London. John Murray. (1832).
  • Symcox, Geoffrey. War, Diplomacy, and Imperialism (1618-1763). New York: Harper Torchbooks. (1973) ISBN 0061395005.
  • Herrero, Mª Dolores. La Artilería Española, al pie de los cañones. Tabapress S.A. Madrid. (1994).
  • Frey, Linda and Marsha. The Treaties of the War of the Spanish Succession. Greenwood Publishing Group (1995) ISBN 9780313278846.
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Kamen 99–101
  2. Kamen s.99
  3. Kamen s.99
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 Kamen 99–100
  5. 5,0 5,1 5,2 Frey 61–62
  6. 6,00 6,01 6,02 6,03 6,04 6,05 6,06 6,07 6,08 6,09 6,10 6,11 6,12 6,13 6,14 6,15 Kamen 100–101
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 Albi 48–51
  8. 8,0 8,1 Herrero 77–79