Slaget ved Friedlingen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Friedlingen
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Plan der Schlacht bei Friedlingen.JPG
Kart over slaget ved Friedlingen; fransk = gul; keisararmeen = raud; nord er til høgre
Dato 14. oktober 1702
Stad nær Freiburg, dagens Tyskland
47°35′N 7°36′E
Resultat Fransk siger
Partar
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike[1] Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Det tysk-romerske riket
Kommandantar
Claude Louis Hector de Villars Ludvig Vilhelm av Baden-Baden
Styrkar
17 000 men,[2]33 kanonar 14 000 men[2]
Tap
1703 drepne, 2601 skadde 3000 drepne, 742 skadde

Slaget ved Friedlingen vart utkjempa i 1702 mellom Frankrike og Det tysk-romerske riket. Keisarstyrkane var leia av markgreve Ludvig Vilhelm av Baden-Baden, medan franskmennene var leia av Claude Louis Hector de Villars. Franskmennene gjekk av med sigeren.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Franskmennene prøvde å auka makta si på austsida av elva Rhinen. Hausten 1702 fekk Villars ordre frå Ludvig XIV om å gå til åtak på Schwaben. Dei franske styrkane trengde å slå seg saman med sine allierte i Bayern og måte slå keisaren sine styrkar som stod mellom dei.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Franskmennene kryssa Rhinen ved Weil am Rhein, like nord for Basel den 14. oktober 1702. Villars gjekk til åtak på keisararmen ved Friedlingen.[3] Den framtidige feltmarskalken Ludvig Vilhelm sette armeen sin i skyttargraver og klarte å halde franskmennene unna ei tid. Han trekte seg så attende i god orden mot nord.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Det var ein pyrrhossiger for Villars. Franskmennene tapte 1703 mann som døydde og 2601 som vart skadde, medan keisararmen tapte 3000 mann, medan 742 vart skadde. Villars vart òg hindra frå å slå seg saman med bayerane.[4]

Landsbyane på austsida av Rhinen vart hardt råka, særleg Weil am Rhein.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. George Ripley, Charles Anderson Dana, The American Cyclopaedia, New York, 1874, s. 250, "...the standard of France was white, sprinkled with golden fleur de lis...". *[1] The original Banner of France was strewn with fleurs-de-lis. *[2]:on the reverse of this plate it says: "Le pavillon royal était véritablement le drapeau national au dix-huitième siecle...Vue du chateau d'arrière d'un vaisseau de guerre de haut rang portant le pavillon royal (blanc, avec les armes de France)."[3] from the 1911 Encyclopedia Britannica: "The oriflamme and the Chape de St Martin were succeeded at the end of the 16th century, when Henry III., the last of the Huset Valois, came to the throne, by the white standard powdered with fleurs-de-lis. This in turn gave place to the famous tricolour."
  2. 2,0 2,1 Lynn (1999), s. 276.
  3. i dag ein forstad til Weil am Rhein
  4. The Spanish Succession 1702

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]