Slaget ved Höchstädt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Höchstädt
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Dato 20. september 1703
Stad Höchstädt i Bayern
Resultat Fransk siger
Partar
Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Austerrike Flag of France.svg Frankrike[1]
Flagget til Bayern Kurfyrstedømet Bayern
Kommandantar
Flagget til Habsburgmonarkiet Limburg Styrum
Flagget til Habsburgmonarkiet Leopold I av Anhalt-Dessau
Flagget til Frankrike Claude de Villars
Flagget til Bayern Maximilian II Emanuel
Styrkar
16 000 24 000
Tap
5 000 døde, skadde og kringsfangar 1 000 døde eller skadde

Det første slaget ved Höchstädt vart utkjempa 20. september 1703, nær Höchstädt i Bayern, og resulterte i ein siger til Frankrike og Bayern under marskalk Villars mot den austerrikske general Limburg Styrum.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Den 5. september hadde hovudstyrken til keisaren under markgreve Ludvig Vilhelm av Baden-Baden teke fristaden Augsburg, og truga Bayern frå vest. Ludvig av Baden hadde etterlate ein styrke på 16 000 mann under Styrum nord for Donau, som flytta austover og nådde Höchstädt den 19. september. Villars og kurfyrste Maximilian II Emanuel av Bayern flytta armeen sin på 17 000 mann for å avskjere denne styrken, og gav ordre til ein annan fransk styrke på 7 000 mann under d'Usson nær Dillingen om å gå til åtak bakfrå.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Denne planen mislukkast nesten då d'Usson gjekk til åtak for raskt og armeen hans, som var i mindretal, vart pressa attende av Styrum. Men Villars og Maximilian Emanuel nådde akkurat fram i tide, og gjekk til åtak på keisararmen, før dei kunne gå attende i stillingane sine. Det var berre på grunn av heroisk motstand av baktroppen under Leopold I av Anhalt-Dessau at Styrum kunne redde armeen sin og nå Nordlingen.

Austerrikarane tapte 5 000 mann, hovudsakleg som krigsfangar, 37 kanonar og det meste av armetoget. Franskmennene og bayerane tapte 1 000 mann.

Eit år seinare vart det andre slaget ved Höchstädt utkjempa, kjend på engelsk houvdsakleg som slaget ved Blenheim.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. George Ripley, Charles Anderson Dana, The American Cyclopaedia, New York, 1874, p. 250, "...the standard of France was white, sprinkled with golden fleur de lis...". *[1] The original Banner of France was strewn with fleurs-de-lis. *[2]:on the reverse of this plate it says: "Le pavillon royal était véritablement le drapeau national au dix-huitième siecle...Vue du chateau d'arrière d'un vaisseau de guerre de haut rang portant le pavillon royal (blanc, avec les armes de France )."[3] from the 1911 Encyclopædia Britannica: "The oriflamme and the Chape de St Martin were succeeded at the end of the 16th century, when Henry III., the last of the Huset Valois, came to the throne, by the white standard powdered with fleurs-de-lis. This in turn gave place to the famous tricolour."

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]