Erobringa av Gibraltar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Erobringa av Gibraltar
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Bay of Gibraltar 18th century engraving.jpg
Gibraltar hamn. Stikk av Gabriel Bodenehr, ca. 1704
Dato 1. til 3. august 1704
Stad Gibraltar
36°8′23″ N 5°21′14″ W
Resultat Dei allierte erobrar Gibraltar
Partar
Bandera de España 1701-1760.svg Spania Flag of England.svg England

Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Austerrike
Estandarte de Carlos III.svg Pro-Habsburg Spania[1][2]

Kommandantar
Flagget til Spania Diego de Salinas Flagget til Habsburgmonarkiet Estandarte de Carlos III.svg prins Prins George av Hessen
Flagget til England George Rooke
Flagget til England George Byng
Styrkar
~430[3] 63 skip
2 000+ marinesoldatar og sjømenn[4]
Tap
Mindre 60 drepne, 200 skadde[5]

Erobringa av Gibraltar av engelsk-nederlandske styrkar for Storalliansen skjedde mellom 1. og 3. august 1704 under den spanske arvefølgjekrigen. Sidan byrjinga av krigen hadde dei allierte sett seg om etter ei hamn på Den iberiske halvøya for å kontrollere Gibraltarsundet og nytta hamna for marineoperasjonar mot den franske flåten vest i Middelhavet. Eit forsøk på å erobre Cádiz hadde mislukkast i september 1702, men etter at den allierte flåten hadde suksess i Vigobukta i oktober det året kom Dei maritime maktene fram som den dominerande marinestyrken i regionen. Dette var med på å overtale den portugisiske kongen Peter II, om å bryte alliansen sin med Frankrike og Spania, og alliere seg med Storalliansen i 1703. No med tilgang til den portugisiske hamna i Lisboa, kunne dei allierte flåtane drive felttog i Middelhavet, og utføre operasjonar som støtta den austerrikske Habsburg-kandidaten til den spanske trona, erkehertug Karl, kjend som Karl III av støttespelarane sine i Spania.

Prins George av Hessen-Darmstadt representerte Habsburg i regionen. I juni 1704 mislukkast prinsen og admiral George Rooke, kommandanten til den største allierte flåten, å ta Barcelona for «Karl III». Rooke unngjekk så presset frå sine allierte om å gjere eit nytt forsøk på å ta Cádiz. For å kompensere for mangelen på suksess avgjorde dei allierte kommandantane å gjere eit forsøk på å erobre Gibraltar, ein liten by på den spanske sørkysten. Etter kraftig bombardement og etter at britisk og nederlandske marinesoldatar og sjømenn gjekk i land, overgav guvernør Diego de Salinas Gibraltar og den vesle garnisonen den 3. august. Tre dagar seinare gjekk prins Georg inn i byen for Karl III. I tilfelle Karl III kom til å mislukkast i å avsetje Filip V som konge av Spania, skulle Gibraltar formelt avståast til Storbritannia med vilkåra i Utrecht-traktaten i 1713. Den dag i dag er Gibraltar framleis ein del av Storbritannia.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå slaget ved Cádiz i 1702.

Ved starten på den spanske arvefølgjekrigen var Portugal nominelt ein alliert av Bourbon: Frankrike under Ludvig XIV og Spania under barnebarnet hans, Filip V. Sjølv om Portugal ikkje var krigførande, var hamnene stengde for fiendane til Bourbon-maktene - hovudsakleg fartøy frå England og Dei sameinte Nederlanda. Men etter den engelsk-nederlandske sigeren i Vigobukta i 1702 vart Storalliansen den dominerande marinemakta. Dei hadde no høvet til å blokkere matforsyningane og handelen (særleg gull frå Brasil) til Portugal, og det var ikkje vanskeleg for dei allierte diplomatane å få kong Peter II til å signere Methuentraktaten i mai 1703 og bli med i alliansen.[6] Så snart Peter II hadde teke eit standpunkt i krigen, fekk dei allierte tilgang til dei portugisiske hamnene, særleg hamna i Lisboa. Til gjengjeld fekk Peter II militær og finansiell støtte og territorialkrav i Spania. Han bad òg dei allierte om å sende den yngre sonen til keisar Leopold I, Karl – dei allierte sin Habsburg-kandidat til den spanske trona - til Lisboa for å syne at dei meinte alvor med støtta si.[6] Karl, kjend som Karl III av Spania av støttespelarane sine, kom den unge pretendenten til Lisboa – via London – med flåten til George Rooke den 7. mars 1704, til stor jubel.[7]

Bortsett frå det mislukka allierte forsøket på å ta Cádiz i 1702, og det påfølgjande angrepet på den spanske sølvflåten i Vigobukta, hadde krigen så langt vore avgrensa til Nederlanda og Italia. Då Portugal endra truskap, flytta krigen seg mot Spania. I mai 1704 fekk hoffet i Lisboa mendlingar om at franske og spanske soldatar hadde kryssa grensa til Portugal. Denne armeen på om lag 26 000 mann under Filip V og Hertugen av Berwick vann fleire sigrar ved grensa: Salvaterra fall den 8. mai, Penha Garcia den 11. mai, Filip V overvaka personleg fallet til Castelo Branco den 23. mai, og T'Serclaes erobra Portalegre den 8. juni.[8] Men med mangel på forsyningar gjorde den komande sommarvarmen det umogeleg å halde fram felttoget, og Filip V reiste attende til Madrid den 16. juli til heltemottaking. Varmen påverka derimot ikkje krigen til sjøs, der dei allierte var sterkast.[9]

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Prins George av Hessen-Darmstadt (1670–1705). Prins George var den austerrikske representanten på Den iberiske halvøya, og den pålydande kommandanten til dei engelsk-nederlandske styrkar

Med Lisboa som ein improvisert base, la den engelsk-nederlandske flåten til admiral Rooke ut mot Middelhavet i mai 1704. Etter å ha sett flåten Levant Company kome seg trygt gjennom Gibraltarsundet la Rooke på veg mot Nice for å kome i kontakt med Victor Amadeus II, hertugen av Savoie. Dei allierte hadde planlagt eit sjøåtak på den franske basen i Toulon i samarbeid med armeen frå Savoie og opprørarar frå Cévennes, men Amadeus var oppteken med å forsvare hovudstaden Torino frå franske styrkar. Toulon-ekspedisjonen vart derfor skrinlagt og Rooke segla mot den katalanske hovudstaden, Barcelona.[10]

Med Rooke var prins George av Hessen-Darmstadt som ahdde vorte populær hos katalanarane som guvernøren deira mot slutten av niårskrigen. Prinsen var den største eksponenten for Barcelonaplanen. Han hadde vore i kontakt med dissidentar i Catalona og håpte på at synet av flåten ville oppmuntre til støtte til Karl III.[11] Den 30. mai, under dekning av skipseld, gjekk prins Georg i land med 1200 engelske og 400 nederlandske marinesoldatar, men guvernøren i Barcelona, Don Francisco de Velasco, klarte å halde dei misnøgde innbyggjarane i byen roleg og tilhengjarane til Filip V var i beredskap. I tillegg var dissidentane rasande over storleiken til den allierte styrken og hadde venta at Karl III sjølv skulle vere med.[12] Ultimatum for Velesco om å overgje seg vart ignorert, og planane om eit opprør innanfor bymurane skjedde heller ikkje. Rooke frykta eit åtak frå ein fransk skvadron, og ville dra derfrå. Prins Georg kunne gjere lite anna enn å be dei lokale tilhengjarane sine - tusen i alt - om å spreie seg til heimane sine. Marinesoldatane gjekk ombord att den 1. juni utan tap.[13]

Samstundes var comte de Toulouse, ein av dei uekte borna til Ludvig XIV på veg mot Gibraltarsundet med flåten frå Brest. Meldingar frå Lisboa om dei franske rørslene nådde Rooke den 5. juni. Han ønskte å hindre at flåtane i Toulon og Brest slo seg saman og Rooke valte å risikere eit slag. På grunn av tilgrodd botn på dei engelsk-nederlandske skipa, kom den raskare franske flåten seg unna Rooke og nådde trygt fram til Toulon. Toulouse vart så kommandant for den store franske flåten, kjend som den franske storflåten. Rooke kunne ikkje våge seg nær festningane i Toulon e3ller risikere eit åtak frå ein større styrke så langt borte frå ei tilfluktshamn, så han segla derfor attende mot Gibraltarsundet der han møtte ein engelsk skvadron under Cloudesley Shovell. Dei allierte hadde då om lag like stor flåte som den franske.[14]

Rooke møtte Shovell den 27. juni utanfor Lagos. Peter II og ‘Karl III’ sendte melding frå Lisboa om at dei ønskte eit nytt forsøk på å ta Cádiz.[15] Methuen meinte at staden no var utan garnison og lett å ta, men admiralane i flåten var framleis skeptiske,[16] særleg sidan dei no ikkje hadde den same styrken som dei hadde under det mislukka forsøket to år tidlegare. Cádiz var derimot ikkje det einaste mogelege målet. Medan den allierte flåten låg utanfor Tetuan ved Berbarkysten, diskuterte eit krigsråd ombord flaggskipet til Rooke at dei trenge å gjere dei to kongane til lags og redde sitt eige rykte. Den 28. juli vurderte dei allierte kommandantane forslaget til prins George, no øvstkommanderande for dei allierte styrkane på halvøya, om eit åtak på Gibraltar.[17]

Ideen om å ta Gibraltar var gamal og godt kjend. «Klippen» hadde hatt merksemda til Oliver Cromwell, og seinare ønskte ministrane til Vilhelm III og dronning Anne Gibraltar for England. Maurarane hadde tidlegare vist interesse for klippa og bygd festningsverk her med ei borg som no låg i ruinar. Keisar Karl V hadde bygd ut festningsverka, men den umiddelbare operasjonelle fordelen var liten.[18] Gibraltar hadde liten handel og ankerplassane var uverna. Det var ikkje på dette tidspunktet snakk om å basere ein flåte der.[19]

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Åtaket på Gibraltar 1. til 3. august 1704. Prins Georg av Hessen gjekk inn i byen 6. august i namnet til 'Karl III', men kontrollen vart verande hos engelskmennene.[20]

Flåten kryssa frå Tetuan den 30. juli. Den 1. august segla Rooke med HMS «Royal Katherine» til innløpet til bukta, medan skvadronen til admiral George Byng (16 engelske skip under Byng og seks nederlandske skip under kontreadmiral Paulus van der Dussen) ankra opp i bukta, og la seg til innanfor forsvarslinja frå den gamle til den nye moloen. Krigsrådet avgjorde at prinse Georg skulle gå i land med 1 800 engelske og nederlandske marinesoldatar på eidet i dekning av bombardement frå skipa.[15] Marineslodatane gjekk i land inst i bukta, møtte berre motstand frå eit lite kavaleri. Dei stengde tilkomsten frå Gibraltar til fastlandet, medan fienden på dei nærliggande åsane vart spreidde av eld frå to skip sendt aust for klippa.[21]

Prins Georg kalla til seg guvernøren, Don Diego de Salinas, for at han skulle overgje seg i namnet til Karl III. Han nekta, og garnisonen gav støtta si til Filip V. Sjølv om guvernøren var fast på å stå imot, visste han at han ikkje hadde midlar til å klare dette. Han hadde tidlegare bede om forsterkingar og forsyningar, men ikkje fått dette enno.[4] I følgje han sjølv hadde Don Diego ikkje meir enn 56 mann og av desse var 30 ikkje i teneste, i tillegg til eit par hundre sivile militssoldatar som var i så dårleg tilstand at før den allierte flåten nådde fram hadde dei byrja å stikke av. I tillegg hadde han 100 kanonar av forskjellige slag, men berre få var i ein tilstand der dei kunne nyttast. Ikkje hadde han heller nok folk til å bemanne dei.[4]

Den 2. august gjekk med til førebuingar. Don Diego, som i følgje Trevelyan var førebudd til «å døy som ein gentleman», sendte eit negativ svar attende på å overgje seg.[4] Skvadronen til Byng forhalte seg sjølv langs sjøsida så nær djupna tillet det og kaptein Jumper førte HMS «Lenox» innanfor musketteldavstand frå Nye moloen. Desse operasjonane vart utført i blikkstille, og vart ikkje hindra av nokre få skot frå det spanske batteriet. Ved midnatt leia kaptein Edward Whitaker på HMS «Dorsetshire» ei avdeling mot eit fransk kaperskip som låg ankra opp ved den gamle moloen og som hadde skote mot marinesoldatane på eidet.[21]

Admiral George Rooke (1650–1709) av Michael Dahl.

Om lag 05:00 dagen etter, den 3. august, byrja skvadronen til Byng på 22 skip for alvor å skyte mot murane og festningane.[22] Det vart avfyrt titusenvis av granatar under åtaket. Den faktiske skaden var derimot liten i forhold til mengdene som vart avfyrte, men sidan det var mogeleg at den franske flåten kunne kome når som helst, hadde dei gjort jobben så raskt som mogeleg.[21] Kaptein Whitaker var adjutant for Byng og bar instruksjonane hans frå skip til skip, inkludert den siste ordenen om å stoppe skytinga seks timar etter dei hadde starta.[22] Då røyken letta kunne kaptein Jumper frå den sørlege enden av linja sjå den nye moloen og fortet som låg ved landfestet på land. Forsvararane i fortet såg ut til å ha flykta, og Whitaker og Jumper var samde i at landgangen der kunne skje uhindra. Rooke gav løyve til åtaket og ein flotilje av robotar kom seg raskt mot den nye moloen.[22]

Landgang[endre | endre wikiteksten]

Då dei allierte førebudde seg for åtaket sitt, søkte prestar, kvinner og born som hadde søkt tilflukt i kapellet på Europaneset på sørenden av halvøya, å vende attende til heimane sine i byen. Eit engelsk skip avfyrte eit varselskot føre den sivile kolonnen for tvinge dei bort i tryggleik, men skotet vart mistolka av resten av flåten som eit signal om å ta opp att elden, og bombardementet starta på ny. Under dekning frå kanonelden gjorde soldatane på land arbeidet sitt.[22]

Dei fremste sjømennene klatra inn i det uverna fortet ved den nye moloen, men ei ulukke eller ei felle gjorde et magasinet i fortet eksploderte. Somme av mannskapet bar fyrte geværfyrstikker, og i følgje Trevelyan, hadde dei gløymt at det kunne vere eit krutmagasinet i fortet. Uansett kva som var årsaka til eksplosjonen, mista dei allierte mellom 100 og 200 mann.[23] Etter ein augneblink med panikk, fordi dei overlevande frykta at fienden hadde lagt ei felle for dei, skunda dei seg til båtane, samstundes som kaptein Whitaker kom med forsterkingar.[21] Landgangen fekk støtte av fleire katalanske frivillige, og ein stad i Gibraltar, Catalanbukta, er kalla opp etter dei.[24] Nokre få minuttar seinare var åtaksstyrken klar og fortsette nordover til dei forlatne vollane på sjøsida mot Gibraltar. Då dei kom fram til sørmuren i byen, stoppa Whitaker soldatane og heiste unionsflagget på ein bastion ved kysten.[25]

Byng kom no på land med fleire hundre sjømenn. Byen vart no innteken av Byng i sør og marinesoldatane til prins Georg frå nord. Don Diego såg at alt no var tapt og gjekk med på vilkåra som garanterte for liva og eigedommane til dei som var i hans varetekt. Under kapituleringa vart franskmenn tekne som fangar, medan spanjolane som sverja truskap til Karl III som konge av Spania fekk vere i byen og halde på eigedommane sine. Bortsett frå nokre få familiar, valte spanjolane å reise inn til fastlandet, der dei kort tid seinare grunnla byen San Roque innanfor syne av den gamle heimen sin.[26]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Statue av Sir George Rooke, reist i Gibraltar i 2004 til minne om den 300 år langs perioden med britisk styre.

Dei fleste av innbyggjarane valte å forlate Gibraltar fordi prestane deira lovde dei at byen snart ville verte gjenerobra. Dei vart òg overtalt av dei allierte som plyndra heimane deira.[1] Rooke hugsa plyndringa ved Cádiz, men kunne hindre at det same skjedde ved Gibraltar. Skattane ved Europa-heilagdomen vart teken og alle kyrkjene bortsett frå ei vart plyndra, i tillegg til privathus. Oppførselen til dei allierte førte til sinne i Spania, og igjen mista austerrikarane sjansen til å vinne støtte hos folket i Andalucia. Prins Georg var den første som klaga, og fornærma Byng som hadde leia kampane og som igjen la skulda på prinsen og dei få spanske eller katalanske støttespelarane hans.[1] Rooke klaga i eit brev heim at spanjolane var så rasande på dei allierte at dei nytta fangane dei tok like barbarisk som maurarane.[27]

Erobringa av Gibraltar vart derimot rekna som ein stor bragd i Lisboa og av alle handelsinteressene i Middelhavet.[1] Ein månad etter erobringa skildra statssekretær Sir Charles Hedges det som «stor nytte for oss [engelskmenn] for å sikre handelen vår og forstyrre handelen til fienden.».[28] Med den engelske marinen no etablert ved Gibraltarsundet, vart maurarane langs Berbarkysten meir motvillige til å angripe engelske handelsskip og allierte seg med dronning Anne.[28] Gibraltar var derimot avgrensa som hamn, fordi det berre var plass til nokre få skip om gangen, og ministrane trudde ikkje dei kunne halde byen med mindre dei fekk ein garnison der til å sikre han.[1] John Methuen råda til ein engelsk garnison. Denne vart bygd opp av marinesoldatane som hadde vore med på å erobre staden, og av fleire kompani av vernepliktige soldatar. Gibraltar vart derfor halden av engelske soldatar og kostnad, men i namnet til Karl III. Eit år seinare skreiv den austerrikske kandidaten til dronning om Anne om «Ma ville de Gibraltar». Om han hadde klart å teke over trona i Madrid, ville det vorte vanskeleg for England å halde på Gibraltar.[27]

Den allierte flåten segla attende til Tetuan for å ta inn vatn. Før dei fekk nye ordrar frå Lisboa, kom det meldingar om at den franske storflåten under Toulouse var på veg. Franskmennene prøvde å ta attende Gibraltar utanfor Malaga den 24. august. Franske og spanske soldatar gjekk laus på byen frå landssida, som var forsvart av ein liten garnison av sjømenn, soldatar og marinesoldatar.[28] Forsøka var mislukka og då Utrechttraktaten vart signert i 1713 fekk Storbritannia formelt kontroll over Gibraltar som i dag framleis er eit britisk oversjøisk område.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Erobringa av Gibraltar ved Wikisource.

  • Bromley, J. S. (ed.) (1971). The New Cambridge Modern History VI: The Rise of Britain og Russia 1688–1725. Cambridge University Press. ISBN 0-521-07524-6
  • Francis, David (1975). The First Peninsular War: 1702–1713. Ernest Benn Limited. ISBN 0-510-00205-6
  • Kamen, Henry (2001). Philip V of Spain: The King who Reigned Twice. Yale University Press. ISBN 0-300-08718-7
  • Le Fevre, Peter & Harding, Richard (eds.) (2000). Precursors of Nelson: British Admirals of the Eighteenth Century. Chatham Publishing. ISBN 1-86176-062-0
  • Lynn, John A (1999). The Wars of Louis XIV: 1667–1714. Longman. ISBN 0-582-05629-2
  • Roger, N.A.M. (2006). The Command of the Ocean: A Naval History of Britain 1649–1815. Penguin ISBN 0-14-102690-1
  • Stanhope, Philip (1836). History of the War of the Succession in Spain. London
  • Trevelyan, G. M. (1948). England Under Queen Anne: Blenheim. Longmans, Green and co.
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Francis: The First Peninsular War: 1702–1713, 115
  2. Kramer, Johannes (1986). English and Spanish in Gibraltar. Buske Verlag, s.10, note 9. ISBN 3-87118-815-8
  3. Francis: The First Peninsular War: 1702–1713, 114. Gibraltar garrison held 80 men. Militia and inhabitants supplied another 350. (Sources vary slightly)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 410
  5. Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 414. Almost all these casualties were taken when the fort near the New Mole blew up.
  6. 6,0 6,1 Bromley: The New Cambridge Modern History VI: The Rise of Great Britain and Russia 1688–1725, 418
  7. Kamen: Philip V of Spain: The King who Reigned Twice, 33
  8. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, 295–96
  9. Kamen: Philip V of Spain: The King who Reigned Twice, 38
  10. Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 405
  11. Francis: The First Peninsular War: 1702–1713, 104
  12. Stanhope: History of the War of the Succession in Spain, 97.
  13. Francis: The First Peninsular War: 1702–1713, 107
  14. Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 406
  15. 15,0 15,1 Le Fevre & Harding: Precursors of Nelson: British Admirals of the Eighteenth Century, 68
  16. Francis: The First Peninsular War: 1702–1713, 109.
  17. Francis: The First Peninsular War: 1702–1713, 109
  18. Stanhope: History of the War of the Succession in Spain, 98
  19. Roger: The Command of the Ocean: A Naval History of Britain 1649–1815, 169
  20. Kamen: Philip V of Spain: The King who Reigned Twice. 39
  21. 21,0 21,1 21,2 21,3 Francis: The First Peninsular War: 1702–1713, 110
  22. 22,0 22,1 22,2 22,3 Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 411
  23. Stanhope skriv 40 døde og 60 skadde: Trevelyan skriv 200 døde og skada: Francis skriv at 40 sjømenn mista livet og nokre få spanjolar.
  24. Bronchud, Miguel (2007). The Secret Castle: The Key to Good and Evil. DigitalPulp Publishing.com, s.112. ISBN 0-9763083-9-8
  25. Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 412.
  26. Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 413
  27. 27,0 27,1 Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 414
  28. 28,0 28,1 28,2 Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 415