Slaget ved Toulon i 1707

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Toulon
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Belagerung von Toulon 1707.jpg
Dato 29. juli - 21. august 1707
Stad Toulon i Frankrike
Resultat Fransk-spansk siger
Partar
Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Austerrike
Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Savoie flag.svg Hertugdømet Savoie
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike
Bandera de España 1701-1760.svg Spania
Kommandantar
Flagget til Savoie Victor Amadeus II av Savoie
Flagget til Habsburgmonarkiet Eugene av Savoie
Flagget til Frankrike René de Froulay de Tessé
Styrkar
35 000 15 000
Tap
10 000 døde eller skadde

Slaget ved Toulon vart utkjempa frå 29. juli til 21. august 1707 i Toulon i Frankrike under den spanske arvefølgjekrigen. Under slaget vart ein fransk og spansk styrke slått av ein samla styrke frå Austerrike, Dei sameinte Nederlanda, Savoie og Storbritannia.

I juli 1707 prøvde prins Eugene av Savoie å ta den franske marinebasen Toulon. Eugene hadde kryssa Var den 11., og sjølv om han vart hindra av ineffektiviteten til Victor Amadeus II av Savoie nådde han fram til Frejus. Han var i kontakt med den britiske flåten under admiral Shovell den 16. the 16th. Somlinga til Victor Amadeus førte til fleire forseinkingar, og gav hertugen av Berwick tid til å sende heim forsterkingar frå Spania til marskalk René de Froulay de Tessé i Toulon før dei allierte nådde fram (26. juli).

Den 14. august tok Tessé attende den viktige høgda Santa Catarina, som dei allierte hadde storma ei veke tidlegare, og Eugene, som fann retretten truande og såg at han hadde liten sjanse til å ta Toulon, måtte gje opp forsøket sitt (22. august), og fakk tilbake til andre sida av Var. Han hadde då tapt 10 000 mann på forsøket. Shovell bombarderte den franske hamna før han evakuerte og klarte å søkkje to franske linjeskip og råke to andre hardt.

Det einaste gode resultatet for dei allierte var at franskmennene hadde søkkt heile skvadronen sin på meir enn 40 skip med mellom 50 og 110 kanonar kvar i hamna for å hindre at fienden tok dei. Kong Ludvig XIV gav ordre om å søkkje skipa og seinare hente dei opp att. Han var redd for at Royal Navy skulle setje skipa i brann. Tredekkarane låg slik at berre det øvste dekket låg over vatn.[1] Mykje av skadane dei fekk viste seg derimot umogeleg å reparere, og det er estimert at den franske marinen mista 15 linjeskip i handlinga, og dermed let engelskmennene ta over kontrollen av Middelhavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Holmes, s. 359