Slaget ved Torino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Omleiringa av Torino
Del av den spanske arvefølgjekrigen
BattleofTurin prince Anhalt.JPG
Åtaket til prins Leopold av Anhalt-Dessau
Dato 14. mai til 7. september 1706
Stad Torino (dagens Italia)
Resultat Avgjerande alliert siger[1]
Partar
Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Habsburg Austerrike
Savoie flag.svg Savoie
Flag of the Kingdom of Prussia (1701-1750).svg Preussen
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike
Bandera de España 1701-1760.svg Spania
Kommandantar
Flagget til Habsburgmonarkiet Eugene av Savoie
Flagget til Savoie Victor Amadeus, hertug av Savoie
Flagget til Habsburgmonarkiet Leopold I av Anhalt-Dessau
Flagget til Frankrike Filip II av Orléans
Flagget til Frankrike Louis d'Aubusson de la Feuillade
Flagget til Frankrike Ferdinand de Marsin  
Styrkar
14 700 garnsion,
30 000 støttearme[2]
41 000[2]
Tap
3 800 døde elelr skadde,
6 000 fanga[2]

Omleiringa av Torino vart utført av hertugen av Orléans og marskalk de la Feuillade mellom mai og september 1706 mot Torino, ein by i hertugdømet Savoie under den spanske arvefølgjekrigen. Den franske armeen klarte ikkje å bryte ned forsvarsverka kring Torino eller få byen til å overgje seg. Den 7. september vart franskmennene angripne av ein austerriksk arme under prins Eugene av Savoie og hertugen av Savoie og slakta ned i slaget ved Stura. Kringsettinga av Torino vart avbroten og tilbaketrekkinga av dei franske styrkane frå Nord-Italia starta. I lag med nederlaget i Flandern, der ein fransk arme vart utsletta i slaget ved Ramillies, var Torino med på å gjere 1706 for eit annus horribilis for Ludvig XIV av Frankrike.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Då konflikten braut ut hadde Victor Amadeus, med støtte frå syskenbornet Eugene, generalissimo for keisartroppane, teke riskoen med ås tøtte Habsburgarane i Austerrike, sidan dei var den einaste makta i Europa som ville garantere staten hans totalt sjølvstende etter ein endeleg siger. Ved eit nederlag ville derimot Piemonte og Savoie verte fjerna frå det europeiske kartet.

Kong Ludvig XIV av Frankrike, alliert med Spania, svarte med å først invadere Savoie og sidan Piemonte. Då spanjolane okkuperte Lombardia, var Piemonte omringa på kvar side. Savoie vart angripen av tre armear og mista Susa, Vercelli, Chivasso, Ivrea og Nice (1704). Den siste skansen var citadellen i Torino, ei festning bygd på midten av 1500-talet.

I august 1705 var den fransk-spanske armeen klare for åtak, men De la Feuillade meinte at han ikkje hadde nok soldatar og venta på forsterkingar. Dette valet viste seg å bli gale, fordi det tillet Piemonte å forsterke byen opp til naboåsane og førebu seg på ei lang omleiring.

Omleiringa[endre | endre wikiteksten]

I mai nådde den fransk-spanske armeen Torino med meir enn 40 000 mann. Sébastien de Vauban, marskalk av Frankrike og ein ekspert innan kringsettingsteknikkar, melde seg frivillig for felttoget, men vart avvist på grunn av alderen. Vauban heldt fram med å gje råd til den franske kommandoen, og foreslo å angripe byen frå sida og påpeikte at dei mange korridorane ville vere eit vanskeleg hindre om ein skulle gå mot andre sider. Men La Feuillade hadde ein annan ide, og avslo rådet til Vauban. Han gav ordre til dei 48 ingeniørane sine om å grave ei lang rekkje grøfter. Gamle Vauban fordømde metodane til La Feuillade frå Paris, og tilbaud offentleg og la seg sjølv halshogge om franskmennene klarte å ta Torino med metoden til La Feuillade.[3]

Gravinga byrja 14. mai, sjølv om linjene til La Feuillade aldri heilt omkrinsa Torino. Omleiringa starta i juni og pågjekk i tre månader mot sta motstand. Dei kringsette var støtta av folkesetnaden som deltok aktivt i slaget, og som påførte angriprane store tap. Kampane varte gjennom heile sommaren 1706.

Støtte[endre | endre wikiteksten]

Den 17. juni forlet Victor Amadeus Torino for å måte Eugene, som marsjerte frå Trentino med dei austerrikske styrkane under hans kommando. Byen vart gjeven over til den austerrikske generalen Virico Daun. Dei heroiske gjerningane til forsvararane, mellom anna den kjende ofringa til Pietro Micca som sprengde seg sjølv i ein korridor med franskmenn for å redde citadellen, såg ut til å vere forgjeves på dette tidspunktet då heile by en var omringa og kraftig bombardert, og dei franske linjene nærma seg den første bastionen i citadellen.

Etterspel[endre | endre wikiteksten]

Den 2. september analyserte dei to frå Savoie den taktiske situasjonen frå åsen Superga, som ligg oppfor Torino og det omliggande området. Medan forsvararane pressa attende det siste åtaket, berre med hjelp av desperasjon, valte dei å ta kringsetjarane på flanken med det meste av den austerrikske armeen, inkludert delar av kavaleriet, i den nordvestlege delen av byen, som vart rekna som den mest sårbare delen av den allierte fronten. Manøveren vart ein suksess og austerrikarane klarte å setje opp ein leir mellom elvane Dora Riparia og Stura di Lanzo. Eugene erklærte: «Desse mennene er alt halvt slått.»

Den siste samanstøyten byrja kl. 10 den 7. september med eit åtak mot heile fronten til franskmennene. Det prøyssiske infanteriet leia av prins Leopold von Anhalt-Dessau, klarte etter tre mislukka åtak å bryte gjennom den franske høgreflanken. Regimentet La Marine gjekk tom for ammunisjon og klarte ikkje å stoppe det prøyssiske infanteriet. To forsøk på å støtte lomma som hadde oppstått på denne måten vart driven attende, og den allierte armeen starta nedslaktinga. Då Daun gav garnisonen i byen ordre om å bryte ut mot venstreflanken til den fransk-spanske armeen, byrja det å løyse seg opp og hundrevis av soldatar drukna i Dora Riparia i eit ekstremt forsøk på å redde livet sitt. Den allierte armeen trekte seg attende mot Pinerolo same ettermiddag. Hertugen av Marlborough skreiv om slaget ved Torino: «Det er umogeleg å uttrykke gleda dette har gjeve meg, for eg set ikkje berre pris på dette, men eg verkeleg elskar den prinsen [Eugene]. Denne ærerike handlinga må audmjuke Frankrike så mykje, at om venen våre ikkje kan overtalast til å halde fram krigen med stor kraft eit år til, så kan me ikkje mislukkast, med Guds velsigning, å få ein slik fred at me kan leve roleg resten av livet.»

Victor Amadeus og Eugene gjekk inn i den frigjorte byen og vart til stades på ein Te Deum for å feire sigeren. På åsen Superga bygde Savoie-dynastiet ein basilika der ein Te Deum framleis vert halden kvar 7. september.

I aust var ikkje ein fransk siger over eit hessisk korps ved Castiglione nok til å ta attende initiativet eller stoppe den allierte framrykkinga, og franskmennene trekte seg frå Torino og etterlet dei allierte i fri bane til å invadere Frankrike. Etter den mislukka omleiringa av Toulon året etter, fann det ikkje stad viktige militære handlingar på fronten i Italia før freden i Utrecht.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Lynn (1999), s. 310
  2. 2,0 2,1 2,2 Lynn (1999), s. 310
  3. Lynn (1999), s. 309

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]