A Matter of Life and Death

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
A Matter of Life and Death
Studioalbum av Iron Maiden
Språk engelsk
Utgjeve 28. august 2006[1]
Innspelt 1. mars – 4. mai 2006 i Sarm West Studios i London[2][3]
Sjanger Heavy metal
Lengd 71:53[4]
Selskap EMI
Sanctuary (US)
Produsent Kevin Shirley, Steve Harris
Iron Maiden-kronologi 
Dance of Death
(2003)
A Matter of Life and Death The Final Frontier
(2010)
Singlar frå A Matter of Life and Death
  1. «The Reincarnation of Benjamin Breeg»
    Utgjeve: 14. august 2006
  2. «Different World»
    Utgjeve: 14. november 2006

A Matter of Life and Death er det 14. studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Det vart gjeve ut den 25. august 2006 i Italia og Finland, og 28. august i resten av verda, bortsett frå Nord-Amerika og Japan, der albumet kom ut 5. september. Det var det første Iron Maiden-albumet som nådde topp 10 på den amerikanske Billboard-lista, og nådde høgt på listene i mange andre land.[5]

Albumet er ikkje eit konseptalbum,[6] men krig og religion er tema som går att, mellom anna på plateomslaget.

Turneen etter albumet vart kalla A Matter of Life and Death-turneen, der bandet spelte heile albumet.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Iron Maiden byrja å skrive nye songar nær slutten av 2005. Dei hadde då hatt ein pause etter den særs suksessrike Eddie Rips Up The World Tour i USA og Europa.[7] Etter ein pause over jul, vart songane skrivne ferdige og bandet byrja å spele dei inn i Sarm West Studios i London med den faste produsenten deira, Kevin Shirley.[7]

For å få ein meir «konsertaktig» lyd, vart ikkje albumet mastra.[8] Produsenten Kevin Shirley sa «Snakka med 'Arry (Steve Harris) på fredag, som valde å ikkje mastre Iron Maiden-albumet... det betyr at du vil få høyre det nye albumet nøyaktig slik det høyrtest ut i studioet, ikkje noko EQ, kompresjon, analog utviding etc, og eg må sei eg er ganske nøgd med sluttresultatet.»[9]

Iron Maiden under A Matter of Life and Death Tour, der dei spelte heile albumet.

Vokalisten Bruce Dickinson snakka med Metal Hammer i september og sa at «Alle var klar til å resse ting så langt som mogeleg, men plata var enkel å lage.» Dickinson sa vidare at dei «hadde to månadar til overs etter plata vart spelt inn,» og Harris la til at «mykje av det du høyrer er det første opptaket av songane.» Harris snakka om musikkstilen på albumet og sa «Det er tyngre enn me har vore før, men òg særs progressivt. Og eg meiner ikkje det på den moderne måten, men som Dream Theater, meir som i 1970-åra.»[10]

Dette er det fjerde studioalbumet til bandet som ikkje er kalla opp etter ein av songane på albumet. Trommeslagaren Nicko McBrain og gitaristen Janick Gers hevda at albumet opphavleg skulle ha namn etter ein av songane, og både «The Pilgrim» og «The Legacy» vart vurderte. I følgje Gers vil «stundom ein tittel berre hoppe mot deg som det opplagde valet, men det gjorde det ikkje denne gongen av ein eller annan grunn,» så bandet valde A Matter of Life and Death, som i følgje McBrain var blant «to eller tre idear me hadde liggande.» Verken Gers eller McBrain kan hugse kven som kom på tittelen, men meiner det var anten Harris, Rod Smallwood (manageren til bandet) eller «Drew» (ein lydteknikar i Sarm West Studios).[6]

Plateomslaget vart laga av Tim Bradstreet, ein amerikansk kunstnar som er mest kjend for arbeidet sitt med teikneseriane Hellblazer og Punisher.[11]

Under A Matter of Life and Death Tour i 2006 framførte Iron Maiden heile albumet frå start til slutt, noko som fekk blanda mottaking.[12] Bandet meiner framleis dette var ein god ide,[13] og McBrain sa «Eg trru det var det beste albumet eg spelte inn med dette bandet» og «mange var glade for å få høyre heile albumet på konsertane,»[14] medan Dickinson sa at dei gjorde dette mellom anna fordi «fansen vår likar oss nettopp fordi me framleis har ein aktiv musikalsk styrke.»[15]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Den første singelen frå albumet var «The Reincarnation of Benjamin Breeg», og kom ut 14. august 2006.[16] Den 10. august vart «Different World» tilgjengeleg for nedlasting frå nettsida til bandet,[17] og det same vart «Brighter than a Thousand Suns» dagen etter.[18] «Different World» var den andre singelen,[19] og vart spelt på mange rockeradiostasjonar.[20] Det vart òg laga ein animert musikkvideo til songen, liknande videoen til «Wildest Dreams».[19]

DVD-dokumentar[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til den vanlege CD-utgåva kom A Matter of Life and Death ut i ein avgrensa versjon med ein bonus-DVD. DVD-plata inneheldt ein halvtimes lang dokumentar, i tillegg til videoar og bilete av bandet medan dei spelte inn albumet. Dokumentaren, kalla «The Making of A Matter of Life and Death», var regissert av Matthew Amos (som regisserte The Early Days og Death on the Road), med bilete hovudsakleg filma av Kevin Shirley sjølv under innspelinga av albumet i studio. DVDen inneheld og ein musikkvideo for «The Reincarnation of Benjamin Breeg», og klipp av bandet som spelar inn «Different World» i studio. Albumet kom òg ut som ei avgrensa dobbel vinylplate med biletoverflate, og som digital nedlasting.[1]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
About.com4.5/5 stars[21]
AllMusic3.5/5 stars[22]
BBC Musicpositiv[23]
Blabbermouth.net5.5/10[24]
BW&BK6.5/10[25]
Classic Rock9/10[26]
Entertainment WeeklyB−[27]
Exclaim!middels[28]
IGN8.3/10[29]
Metal Hammer10/10[30]
PopMatters8/10[31]
Sputnikmusic5.0/5[32]

Albumet fekk gode meldingar. Metal Hammer gav det 10 av 10 og sa «Iron Maiden har verkeleg overgått seg sjølv».[30] Sputnikmusic gav det òg full score og sa «A Matter of Life and Death har alt ein fan ønskjer å høyre; spanande historieforteljing i Maiden-stil, aggressive riff, imponerande solar og melodiske harmoniar.» BBC Music hylla bandet for «den fabelaktige evna til å skrive flotte tekstar kring gitararrangement som rockefansen krev» og konkluderte med at «I denne verda av håplaus auto-tuna middelmåtigheit er her eit britisk band som stadig skapar fantastisk musikk som overraskar både journalistar og fans.»[23] IGN gav det 8,3 av 10 og hylla albumet som «det beste sidan Piece of Mind[29] PopMatters gav det 8 av 10 og kalla det «det mest fokuserte albumet deira sidan Seventh Son of a Seventh Son i 1988, eit som unngår konsertvennlege allsongar til fordel for massive progrockliknande komposisjonar.»[31] Classic Rock gav albumet 9 av 10 og skreiv «det er ikkje berre det beste Maiden-albumet sidan 1980-åra, men kanskje det beste sidan Piece of Mind i 1983,»[26] og kåra albumet til årets album i 2006.[33]

Rolling Stone gav albumet 3 av fem og meinte at musikken og tekstane var «relevante», men og at «songane marsjerer no, der dei ein gong galopperte» og skreiv vidare at bandet «eldast med stil».[34] AllMusic var òg mindre positive og gav det 3,5 av 5 og sa at det er «eit meir utførleg og buktande album enn føregangaren Dance of Death, men givande for fans som er villige til å gje seg over til dei stundom utsvevingane til bandet.»[22]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Different World»Adrian Smith, Steve Harris4:17
2.«These Colours Don't Run»Smith, Harris, Bruce Dickinson6:52
3.«Brighter Than a Thousand Suns»Smith, Harris, Dickinson8:44
4.«The Pilgrim»Janick Gers, Harris5:07
5.«The Longest Day»Smith, Harris, Dickinson7:48
6.«Out of the Shadows»Dickinson, Harris5:36
7.«The Reincarnation of Benjamin Breeg»Dave Murray, Harris7:21
8.«For the Greater Good of God»Harris9:23
9.«Lord of Light»Smith, Harris, Dickinson7:25
10.«The Legacy»Gers, Harris9:20
Total lengd:71:53
Avgrensa DVD
  1. The Making of A Matter of Life and Death – 30:15
  2. «The Reincarnation of Benjamin Breeg» Video – 7:23
  3. Studioopptak av «Different World» – 4:17
  4. Fotogalleri – 5:36

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå plateomslaget.[4]

Iron Maiden
Produksjon

Lister[endre | endre wikiteksten]

Den 14. september gav Iron Maiden ut ei melding som sa at «berre på den første veka er det sendt ut over ein million eksemplar av det nye albumet verda over og det har gått inn på listene overalt».[35] Dette var det første albumet deira som klarte å nå topp 10 på Billboard 200 i USA, og selde der 56 000 eksemplar den første veka.[36] Albumet debuterte på fjerdeplassen i India, den høgaste plasseringa eit rockealbum nokon gong hadde hatt i landet, før det femtande studioalbumet deira The Final Frontier debuterte på toppen av lista.[35] A Matter of Life and Death selde òg til gullplate i Finland den første veka det kom ut,[37] det åttande gullalbumet til bandet i landet.

Album[endre | endre wikiteksten]

Land Liste (2006) Plassering
Australia ARIA Charts 12[38]
Austerrike Ö3 Austerrike Topp 40 4[39]
Belgia (Flandern) Ultratop 8[40]
Belgia (Vallonia) 7[41]
Canada Canadian Albums Chart 2[42]
Danmark Tracklisten 8[43]
Finland Den finske albumlista 1[44]
Frankrike SNEP 5[45]
Tyskland Media Control Charts 1[46]
Irland Irish Albums Chart 5[47]
Italia FIMI 1[48]
Japan Oricon 11[49]
Nederland MegaCharts 7[50]
New Zealand RIANZ 16[51]
Noreg VG-lista 2[52]
Polen Polish Music Charts 1[53]
Portugal AFP 11[54]
Spania PROMUSICAE 4[55]
Sverige Sverigetopplistan 1[56]
Sveits Hitparade 2[57]
Storbritannia Offisiell albumliste 4[58]
USA Billboard 200 9[59]
Land Liste (2010) Plassering
Hellas IFPI Hellas 63[60]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Single Liste (2006) Plassering
«The Reincarnation of Benjamin Breeg» Den finske singellista 1[44]
Den franske singellista 70[61]
Den tyske singellista 39[62]
Irish Singles Chart 18[47]
VG-lista i Noreg 9[52]
Sverigetopplistan 1[63]
Den sveitisiske singellista 74[57]
«Different World» Den tyske singellista 40[62]
Irish Singles Chart 39[47]
Single Liste (2007) Plassering
«Different World» Den finske singellista 1[44]
Den franske singellista 99[61]
Den italienske singellista 3[64]
Den svenske singellista 52[65]
UK Singles Chart 3[66]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Land Salstrofé Sales
Brasil (ABPD) Gull[67] 50 000+
Canada (Music Canada) Gull[68] 50,000+
Finland (IFPI Finland) Platina[69] 30 000+
Tyskland (BVMI) Gull[70] 100 000+
Hellas (IFPI Hellas) Gull[71] 10 000+
Sverige (IFPI Gull[72] 30 000+
Sveits (IFPI) Gull[73] 15 000+
Storbritannia (BPI) Gull[74] 100 000+

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Iron Maiden Announces Special Album Format». Blabbermouth.net. 3 August 2006. Henta 18 August 2013. 
  2. «Kevin Shirley diaries- March 2006». Kevin Shirley. Arkivert frå originalen 12. august 2008. Henta 5. september 2016. 
  3. «Kevin Shirley diaries- May 2006». Kevin Shirley. Arkivert frå originalen 9. september 2010. Henta 5. september 2016. 
  4. 4,0 4,1 A Matter of Life and Death. Iron Maiden. EMI. 28 August 2006. 
  5. «A Matter of Life and Death kills the charts worldwide!». ironmaiden.com. 11. september 2006. Arkivert frå originalen 6. november 2015. Henta 17. september 2006. 
  6. 6,0 6,1 «Iron Maiden Drummer, Gitarist Talk About New Album». Blabbermouth.net. 5. juli 2006. Arkivert frå originalen 21. februar 2013. Henta 17. september 2006. 
  7. 7,0 7,1 «Iron Maiden Talk About New Album». Blabbermouth.net. 22. juni 2006. Henta 5. september 2016. 
  8. «Caveman's Diary – July 2006». Kevin Shirley. Henta 5. september 2016. 
  9. «Iron Maiden Bassist Decides Against Mastering New Album». Blabbermouth.net. 9. juli 2006. Henta 5. september 2016. 
  10. Dome, Malcolm (September 2006). «Iron Maiden: War all the Time». Metal Hammer (157): 34–40. 
  11. Thibault, Jason (6 October 2006). «Tim Bradstreet interview». Optimumwound.com. Henta 5. september 2016. 
  12. «Iron Maiden- Cardiff review excerpt». Blabbermouth.net. 12 December 2006. Henta 5. september 2016. 
  13. «Iron Maiden Gitarist on Current Tour: 'It's Just A Lot Of Great Fun Playing These Songs'». Blabbermouth.net. 20 October 2006. Henta 5. september 2016. [daud lenkje]
  14. «Iron Maiden Drummer Defends Band's Decision To Play Entire New Album Live». Blabbermouth.net. 14 October 2006. Henta 5. september 2016. 
  15. «Bruce Dickinson: 'We Don't Want To Look Like Our Own Version Of An Iron Maiden Cover Band'». Blabbermouth.net. 21. september 2006. Henta 5. september 2016. 
  16. «Iron Maiden 'The Reincarnation of Benjamin Breeg' Single Artwork Revealed». Blabbermouth.net. 29. juli 2006. Henta 5. september 2016. 
  17. «Iron Maiden: New Track 'Different World' To Premier Tonight». Blabbermouth.net. 10 August 2006. Henta 24. november 2006. 
  18. «Iron Maiden: Another New Song Posted Online». Blabbermouth.net. 11 August 2006. Henta 24. november 2006. 
  19. 19,0 19,1 «Iron Maiden Celebrates World Tour With Release of Ultimate Tour Souvenir Single». Blabbermouth.net. 23. november 2006. Henta 5. september 2016. 
  20. «Iron Maiden 'Different World' Lands on Billboard's 'Hot Singles Sales' Chart». Blabbermouth.net. 7 December 2006. Henta 18 August 2013. 
  21. Bowar, Chad. «Iron Maiden – A Matter of Life And Death Review». About.com. Arkivert frå originalen 31. januar 2013. Henta 1. september 2016. 
  22. 22,0 22,1 A Matter of Life and DeathAllmusic
  23. 23,0 23,1 Maclarty, Andy (8. september 2006). «Iron Maiden – A Matter of Life And Death Review». BBC Online. Henta 2. september 2016. 
  24. Kaye, Don. «Iron Maiden – A Matter of Life and Death». Blabbermouth.net. Henta 5. september 2016. 
  25. Henderson, Tim. «Iron Maiden – A Matter of Life And Death». Brave Words & Bloody Knuckles. Henta 1. september 2016. 
  26. 26,0 26,1 Dome, Malcolm (September 2006). «The Good Life». Classic Rock (97): 76. 
  27. Collis, Clark (1. juni 2006). «A Matter of Life and Death Review». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 8. august 2014. Henta 1. september 2016. 
  28. «Iron Maiden – A Matter of Life and Death». Exclaim!. Henta 1. september 2016. 
  29. 29,0 29,1 Thompson, Ed (3. november 2006). «Iron Maiden – A Matter of Life and Death». IGN. Henta 2. september 2016. 
  30. 30,0 30,1 Milas, Alexander (September 2006). «Be All and End All». Metal Hammer (157): 91. 
  31. 31,0 31,1 Begrand, Adrien (6. september 2006). «Iron Maiden: A Matter of Life and Death». PopMatters. Henta 2. september 2016. 
  32. Stagno, Mike (27. august 2006). «Iron Maiden – A Matter of Life and Death». Sputnikmusic. Henta 15. juni 2011. 
  33. «Classic Rock 2006 winners». Blabbermouth.net. 7. november 2006. Henta 5. september 2016. 
  34. Steffen, Chris (7. september 2006). «Iron Maiden – A Matter of Life and Death». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2. mai 2008. Henta 5. september 2016. 
  35. 35,0 35,1 «Iron Maiden's Steve Harris Is 'Delighted' With Reaction To New Album». Blabbermouth.net. 14. september 2006. Henta 5. september 2016. 
  36. «Iron Maiden returns to the chart for the first time since 2003». Billboard. 13. september 2006. Henta 5. september 2016. 
  37. «Iron Maiden kotimaisten myyntilistojen kärjessä». MTV3. 31 August 2006. Henta 17. september 2006. 
  38. «Iron Maiden – A Matter of Life and Death (album)». ARIA Charts. Australian-charts.com. Henta 1. september 2016. 
  39. «Discographie Iron Maiden». Ö3 Austerrike Topp 40 (på tysk). Austriancharts.at. Henta 2. september 2016. 
  40. «Iron Maiden – A Matter of Life and Death» (på nederlandsk). Ultratop. Henta 1. september 2016. 
  41. «Iron Maiden – A Matter of Life and Death» (på fransk). Ultratop. Henta 1. september 2016. 
  42. «Iron Maiden- Billboard albums». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 2. september 2016. 
  43. «Iron Maiden – A Matter of Life and Death (album)». Tracklisten. Danishcharts.com. Arkivert frå originalen 30. september 2013. Henta 1. september 2016. 
  44. 44,0 44,1 44,2 «Diskografi Iron Maiden». Den finske albumlista. Finnishcharts.com. Henta 2. september 2016. 
  45. «Iron Maiden – A Matter of Life and Death (album)». SNEP (på fransk). Lescharts.com. Henta 1. september 2016. 
  46. «Iron Maiden – A Matter of Life and Death». Media Control Charts (på tysk). Charts.de. Henta 2. september 2016. 
  47. 47,0 47,1 47,2 «Diskografi Iron Maiden». IRMA. Irish-charts.com. Henta 2. september 2016. 
  48. «Iron Maiden albums». FIMI. Italiancharts.com. Henta 18 October 2012. 
  49. «A Matter of Life and Death- Japanese Albums Chart» (på japansk). Oricon. Henta 2. september 2016. 
  50. «Iron Maiden – A Matter of Life and Death av Iron Maiden». MegaCharts (på nederlandsk). Dutchcharts.nl. Henta 1. september 2016. 
  51. «Iron Maiden – A Matter of Life and Death (album)». RIANZ. Charts.org.nz. Arkivert frå originalen 11. november 2012. Henta 1. september 2016. 
  52. 52,0 52,1 «Diskografi Iron Maiden». VG-lista. Norwegiancharts.com. Henta 2. september 2016. 
  53. «OLiS – sales for the period 28.08.2006 – 03.09.2006». OLiS. 11. september 2006. Henta 21. november 2011. 
  54. «Iron Maiden – A Matter of Life and Death (album)». AFP. Portuguesecharts.com. Henta 1. september 2016. 
  55. «Iron Maiden Albums». PROMUSICAE. Spanishcharts.com. Henta 2. september 2016. 
  56. «Iron Maiden – A Matter of Life and Death». Sverigetopplistan. Swedishcharts.com. Henta 2. september 2016. 
  57. 57,0 57,1 «Iron Maiden – A Matter of Life and Death» (på tysk). Hitparade. Henta 2. september 2016. 
  58. «Iron Maiden UK Chart History». Official Charts Company. Henta 5. september 2016. 
  59. «Iron Maiden- Chart History». Billboard. Henta 2. september 2016. 
  60. «Iron Maiden – A Matter of Life and Death». IFPI Hellas. Greekcharts.com. Arkivert frå originalen 10. januar 2014. Henta 2. september 2016. 
  61. 61,0 61,1 «Discographie Iron Maiden». SNEP (på fransk). Lescharts.com. Henta 2. september 2016. 
  62. 62,0 62,1 «Iron Maiden Single-Chartverfolgung». Media Control Charts. Musicline.de. Arkivert frå originalen 17. oktober 2012. Henta 2. september 2016. 
  63. «Iron Maiden – 'The Reincarnation of Benjamin Breeg'». Sverigetopplistan. Swedishcharts.com. Henta 1. september 2016. 
  64. «Iron Maiden songs». FIMI. Italiancharts.com. Henta 2. september 2016. 
  65. «Iron Maiden – 'Different World'». Sverigetopplistan. Swedishcharts.com. Henta 1. september 2016. 
  66. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 6. januar 2007». Official Charts Company. Henta 18. mars 2011. 
  67. «ABPD – Certificados» (på portugisisk). Brazilian Association of Phonograph Producers. Henta 2. januar 2012. 
  68. «CRIA Gold & Platina certifications for October 2006». Music Canada. Arkivert frå originalen 7. april 2012. Henta 5. september 2016. 
  69. «Musiikkituottajat – Tilastot – Kulta- ja platinalevyt: Iron Maiden» (på finsk). IFPI Finland. Arkivert frå originalen 17. august 2010. Henta 29 August 2010. 
  70. «Gold-/Platin-Datenbank ('A Matter of Life and Death')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  71. «Top 75 Combined Repertoire (Albums): 30/11-06/12 2003» (på gresk). IFPI Hellas. Arkivert frå originalen 5. november 2006. Henta 17 October 2010. 
  72. «IFPI > Guld & Platina År 2006» (PDF) (på svensk). IFPI Svenska Gruppen. s. 4. Arkivert frå originalen (PDF) 1. september 2016. Henta 4. november 2008. 
  73. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards 1990». Hitparade. 
  74. «BPI: Certified Awards Search». British Phonographic Industry. Arkivert frå originalen 10. juli 2017. Henta 1. september 2016.