Hopp til innhald

Fylkeskommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fylke i Noreg)
Noreg har hatt 15 fylke sidan 1. januar 2024.
Kart over fylkeskommunane 2020–2023, til saman 11 fylke.

Fylkeskommune er eit politisk styringsorgan på regionalt nivå i Noreg. Fylkeskommunane er ei folkevald styresmakt innanfor eit geografisk område som vert kalla fylke. Dei har kvart sitt fylkesting, som er eit styringsorgan som innbyggjarane i fylket røyster inn representantar for ein fireårsperiode under særskilde fylkestingsval som vert avvikla samstundes med kommunevala.

Styresmakter[endre | endre wikiteksten]

Fylkeskommunen sin administrasjon vert utgjord av fylkesting, fylkesutval, fylkesordførar og ein fylkeskommunal administrasjon. Fylkestinget vert altså vald av innbyggjarane i fylket. Før 1975 vart fylkestinget samansett av ordførarane i dei ulike kommunane, eller ein annan av kommunestyrerepresentantane etter val som gjekk føre seg i kommunestyra. I 1977 innførte ein direkte fylkesskatt som skulle dekka utgiftene til eit fylke; tidlegare hadde fylkeskommunen fått pengane sine frå kommunane.

Statsforvaltar[endre | endre wikiteksten]

Statsforvaltaren (tidlegare fylkesmannen) har styrings- og kontrolloppgåver i fylket på vegner av regjeringa, men er ikkje ein del av fylkeskommunen, men er beinveges underlagd regjeringa.

Ikkje ein del av noko fylke[endre | endre wikiteksten]

Jan Mayen og Svalbard høyrer ikkje til noko fylke og utgjer heller ikkje eit. Jan Mayen er underlagt statsforvaltaren i Nordland,[1] medan Sysselmeisteren på Svalbard er administrativt underlagt Justisdepartementet.[2]

Bouvetøya, Peter I Øy og Dronning Maud Land vert rekna som biland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Amta skifta i 1919 namn til fylke. Representantane til Amtsformannskapet (seinare fylkestinget) vart heilt fram til 1964 valde av og blant representantane i kommunestyra i alle landkommunane i fylket. Ein representant frå kvar kommune vart vald.

Frå 1964 kom også bykommunane med i skipnaden. Kommunane måtte dekkje dei utgiftene fylkestinget vedtok gjennom repartisjonsskatten. I 1976 gjekk fylkeskommunen over frå å vere sekundærkommune til å verta primærkommune på line med kommunane. Det vart direkte val til fylkestinget, direkte skatt og eigen administrasjon. Fylkesrådmannsfunksjonen vart skild ut frå fylkesmannsembetet.

Stortinget vedtok Lov om kommuner og fylkeskommuner i 1961, og frå 1964 velde kommunestyra inn representantar til fylkestinga etter innbyggjartal. Direkte val til fylkesting vart vedteke av Stortinget i 1974. Det vart i 1975 for fyrste gong skipa til direkte val til fylkesting.

Fram til 2002 var dei offentlege sjukehusa styrte og finansierte av fylkeskommunane, men sjukehusreforma av 2002 skilde sjukehusa ut av fylkeskommunane, og det vart danna fem helseføretak.[3][4] I dag er det fire helseføretak.[5]

Regionreformer[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg Regionreforma i Noreg.

I 2020 hadde ein regionreforma som ende med at tal fylkeskommuner vart reduserte frå 19 til 11.[6]

I 2022 søkte Vestfold og Telemark, Viken, og Troms og Finnmark å splitta opp fylka etter stor misnøye blant innbyggjarane og nokre politiske parti, med Senterpartiet i spissen.[7][8] Desse fylka vart oppløyste frå 1. januar 2024.[9]

Noverande fylkeskommunar[endre | endre wikiteksten]

Nummer[a] Namn Adm. senter Folketal Areal[10] Tal komm. Kart Målform[11][12]
03   Oslo Oslo 3&505&717710&717 710 454,12 1 Oslo markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral
11   Rogaland Stavanger 3&505&499417&499 417 9 377,10 23 Rogaland markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral
15   Møre og Romsdal Molde 3&505&270624&270 624 14 355,62 26 Møre og Romsdal markert med mørk blå på Norgeskartet nynorsk
18   Nordland Bodø 3&505&243081&243 081 38 154,62 41 Nordland markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral
31  Østfold Sarpsborg 3&505&312152&312 152 4 004,2 12 Østfold markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral
32  Akershus Oslo 3&505&728803&728 803 5 894,47 21 Akershus markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral
33  Buskerud Drammen 3&505&269819&269 819 14 693,87 18 Buskerud markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral
34   Innlandet Hamar 3&505&376304&376 304 52 072,44 46 Innlandet markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral
39   Vestfold Tønsberg 3&505&256432&256 432 2 167,65 6 Vestfold markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral
40   Telemark Skien 3&505&177093&177 093 15 298,16 17 Telemark markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral
42   Agder Kristiansand 3&505&319850&319 850 16 434,12 25 Agder markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral
46   Vestland Bergen 3&505&651299&651 299 33 870,99 43 Vestland markert med mørk blå på Norgeskartet nynorsk
50   Trøndelag Steinkjer 3&505&482956&482 956 42 201,59 38 Trøndelag markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral
55  Troms Troms 3&505&169610&169 610 25 862,99 21 Troms markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral
56  Finnmark Vadsø 3&504&75053&75 053 48 631,09 18 Finnmark markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral

Tidlegare fylkeskommunar[endre | endre wikiteksten]

Nummer Namn Adm. senter Areal[13] Tal komm. Kart Målform[11][12] Opphøyrte Vart ein del av Merknad
01  Østfold Sarpsborg 3&503&4182.19&4 182,19 18 Østfold markert med mørk blå på Norgeskartet bokmål 2020 Viken Attoppretta 1. januar 2024
02  Akershus Oslo 3&503&4918.05&4 918,05 22 Akershus markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2020 Viken Attoppretta 1. januar 2024
04  Hedmark Hamar 3&504&27399.61&27 399,61 22 Hedmark markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2020 Innlandet
05  Oppland Lillehammer 3&504&25189.61&25 189,61 26 Oppland markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2020 Innlandet
06  Buskerud Drammen 3&504&14910.76&14 910,76 21 Buskerud markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2020 Viken Attoppretta 1. januar 2024
07  Vestfold Tønsberg 3&503&2224.36&2 224,36 14 Vestfold markert med mørk blå på Norgeskartet bokmål 2020 Vestfold og Telemark Attoppretta 1. januar 2024
08  Telemark Skien 3&504&15299.22&15 299,22 18 Telemark markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2020 Vestfold og Telemark Attoppretta 1. januar 2024
09  Aust-Agder Arendal 3&503&9158.16&9 158,16 15 Aust-Agder markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2020 Agder
10  Vest-Agder Kristiansand 3&503&7276.38&7 276,38 15 Vest-Agder markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2020 Agder
12  Hordaland Bergen 3&504&15440.03&15 440,03 33 Hordaland markert med mørk blå på Norgeskartet nynorsk 2020 Vestland
13  Bergen Bergen 1 Bergen markert med mørk blå på Norgeskartet 1972 Vestland
14  Sogn og Fjordane Hermansverk/Leikanger 3&504&18622.73&18 622,73 26 Sogn og Fjordane markert med mørk blå på Norgeskartet nynorsk 2020 Vestland
16  Sør-Trøndelag Trondheim 3&504&18855.75&18 855,75 25 Sør-Trøndelag markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2018 Trøndelag
17  Nord-Trøndelag Steinkjer 3&504&22414.73&22 414,73 23 Nord-Trøndelag markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2018 Trøndelag
19  Troms Tromsø 3&504&25869.69&25 869,69 24 Troms markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2020 Troms og Finnmark Attoppretta 1. januar 2024
20  Finnmark Vadsø 3&504&48615.91&48 615,91 19 Finnmark markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2020 Troms og Finnmark Attoppretta 1. januar 2024
30  Viken Oslo, Drammen, Sarpsborg 3&504&24596&24 596 51 Viken markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2023 Akershus, Buskerud, Østfold
38  Vestfold og Telemark Skien 3&504&17465.92&17 465,92 23 Vestfold og Telemark markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2023 Vestfold, Telemark
54 Troms og Finnmark Tromsø 3&504&74829.68&74 829,68 39 Troms og Finnmark markert med mørk blå på Norgeskartet nøytral 2023 Troms, Finnmark

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fylkesnummeret høyrer til Statistisk sentralbyrå, og er ein del av den internasjonale standarden ISO 3166, spesifikt ISO 3166-2:NO.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jan Mayen – administrasjon» av Susan Barr i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Instruks for sysselmannen på Svalbard, §2
  3. «sykehusreformen». Store medisinske leksikon (på norsk bokmål). 24. januar 2020. 
  4. omsorgsdepartementet, Helse-og (13. september 2002), «St.prp. nr. 1 (2002-2003)», 042001-030004 (på norsk), henta 30. oktober 2022 
  5. Braut, Geir Sverre; Parr, Håvard Klyve; Allkunne (23. august 2022). «helseføretak». Store medisinske leksikon (på norsk bokmål). 
  6. «Fylkessammenslåinger i regionreformen», Regjeringen.no (på norsk), 19. desember 2019, henta 30. oktober 2022 
  7. «Prop. 113 LS (2021–2022)», Regjeringen.no (på norsk), 12. mai 2022, henta 30. oktober 2022 
  8. Heiervang, Camilla Helen (31. juli 2021), «Senterpartiet vil oppløse Viken», NRK (på norsk bokmål), henta 30. oktober 2022 
  9. «Fylkesinndelingen fra 2024», Regjeringen.no (på norsk bokmål), 5. juli 2022, henta 1. januar 2024 
  10. «Arealstatistikk for Norge». Kartverket (på norsk bokmål). 20. desember 2019. Henta 2. januar 2020. 
  11. 11,0 11,1 Lovdata. «Målvedtak i kommunar og fylkeskommunar». Henta 16. januar 2008. 
  12. 12,0 12,1 «Forskrift om språkvedtak i kommunar og fylkeskommunar (språkvedtaksforskrifta)». Lovdata.  FOR-2019-12-20-2114
  13. Statens kartverk (1. januar 2008). «Arealstatistikk for 2006». Arkivert frå originalen 21. september 2013.  Kolonne F: Totalt areal: fastland og øyer: km²